Sosialsjefen

 Overordna mål:

 

Fjell kommune skal vidareutvikla brukarorienterte tenester som gjev medverknad og ansvarskjensle.

  • Støttetiltak funksjonshemma skal bidra til å betra kvardagen til brukarane ved å leggja til rette for rett teneste til rett tid.
  • Samarbeid - Openheit - Audmjukskap - Kjærleik

 

Departementet har lagt til grunn seks kvalitetsmål for arbeidet i barnevernet.

Kvalitetsmål:

  • Barn og familiar skal få hjelp som fungerer
  • Barn og familiar skal møta trygge og sikre tenester
  • Barn og familiar skal bli involverte og ha medverknad
  • Barn og familiar skal møta tenester som er samordna og prega av kontinuitet
  • Barnevernet sine ressursar skal utnyttast godt
  • Barnevernet skal syta for likeverdige tenester

Sosialsjef Tove Helleland

Tenestene hjå Sosialsjefen

  • Barneverntenesta og andre oppgåver som er lovfesta
  • Bufellesskap/ bukollektiv / oppfølging av einslege mindreårige
  • Støttetiltak for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Straumsfjellet avlastning og Gullfjellbasen
  • Ulike lovpålagte tenester til barn, unge og vaksne i heim og institusjon, støttekontakt til den enkelte eller i grupper, ulike familierettleiingsprogram, oppfølging av fosterheimar, akuttberedskap, barnevernsvakt, krisesentertilbod.
  • Råd og rettleiing til brukarar og samarbeidspartar.

 

 

 

Året som har gått

2018 har vore eit særs spanande og krevjande år knytt til utvikling av tenester og å gje skreddarsaum av tenester til den enkelte brukar og deira familie, rett hjelp til rett tid.

Sosialsjefen sine fagområde merkar ein særleg auke i behov for tenester knytt til born og unge som slit akutt med psykiske vanskar av ulike slag, rus og valdsproblematikk. Helsevesenet manglar tiltak og tenester. Fleire born og ungdommar treng heildøgnstilbod med spesialisttenester. Dette utfordrar tenestene og kommunen, men gjev også fagleg vekst og utvikling, samhandling på tvers av fagområde i kommunen, regionen, statlege tenesteleverandørar, frivillige lag og organisasjonar.

 

Fjell kommune blei vertskommune for Sund kommune si barnevernteneste 1. juni 2017. Det har vore ein spanande, hyggeleg og krevjande prosess. Tenesta har vorte stryka med flotte engasjerte medarbeidarar samtidig som tenestene har vorte spesialiserte i ulike fokusområde. Dette er naudsynt for å sikra høg kompetanse og god ivaretaking av medarbeidarane, samt kvalitetssikring av tenester.

Tenesta er organisert i seksjonar:  barnegruppa, fosterheimsgruppa, tiltaksgruppe/ familieterapeutar, mottak/ krisesenter, ungdom, internkontroll og fagutvikling, administrasjon/ ekspedisjon, EM-tiltak (einslege mindreårige).

 

 Støttetiltak funksjonshemma

  • 119 personar er registrerte som utviklingshemma/ menneske med nedsett funksjonsevne
  • 115 personar mottar ulike tenester, 98 personar er over 16 år.
  • 136 born og unge hadde vedtak om støttekontakt, 104 har individuell støttekontakt, 32 har vedtak om støttekontakt i gruppe, fleire har både gruppe- og individuell støttekontakt
  • 5 ungdomar hadde tilbod om tilsyn etter skuletid kvar ettermiddag i samarbeid med Straume Arbeids- og aktivitetssenter.
  • 16 personar hadde vedtak om privat avlastning på døgn eller timebasis
  • 22 born og unge fekk avlastning ved Straumsfjellet avlasting
  • 13 born og unge fekk avlastning ved Gullfjellbasen
  • I begge avlastningsbustadane har me i løpet av 2018 tilrettelagt for tilbod tilnærma barnebustad. Det vert også ytt heimebasert avlasting frå tilsette i avlastningsbustadane
  • Gullfjellbasen har i tillegg hatt oppfølging med unge vaksne som har flytta frå foreldreheimen til eigen bustad
  • Støttetiltak for funksjonshemma har koordinatoransvar for omlag 50 born og unge
  • Mange av tenestemottakarane treng mykje oppfølging hjelp og støtte i kvardagen sin.

 

Barneverntenesta

  • 482 nye bekymringsmeldingar-  397 frå Fjell, 85 frå Sund
  • 213 bekymringsmeldingar som vert vurdert som ny informasjon i pågåande sak
  • 385 nye undersøkingar
  • 21  meldingar omhandlar seksuelle overgrep
  • 96  meldingar omhandlar vald / vitne til vald i nære relasjonar, fysisk og psykisk mishandling
  • 58  meldingar omhandlar barn og unge si åtferd, kriminalitet samt rus
  • 131 meldingar omhandlar foreldre si psykiske helse samt rusmisbruk
  • 42 plasserte born og unge pr 31.12.18 frå Fjell, 13 plasserte born / unge frå Sund
  • 3 born plassert på institusjon, 5 frivillige plasseringar frå Fjell, 3 frivillige plasserte born / unge frå Sund
  • 74   born/unge busett i Fjell kommune frå andre kommunar, 15 born/ unge busett i Sund kommune frå andre kommunar
  • 92 ungdommar har oppfølging frå kontaktperson/ miljøarbeidar
  • 5 ungdommar bur i vertsfamilie, 3 ungdommar bur i eigen leilegheit med oppfølging
  • 5 ungdommar  har særskilt store utfordringar og er plassert på institusjon etter vedtak i Fylkesnemnda
  • 20 born /unge plassert akutt
  • 6 familiar har budd på krisesenteret. Bebuarane har vore kvinner av ulik nasjonalitet, ei norsk, ei latvisk, ei filippinsk og ei frå Tyrkia
  • 12 ulike kvinner og mann «utsette for vald/ trussel om vald/ psykisk mishandling» har fått dagtilbod/ samtaletilbod
  • 9 av dei utsette har vore norske, 3 hadde anna nasjonalitet
  • Utøvarane har i hovudsak vore sambuar/ ektefelle, samt truslar og krenkande åtferd frå eigne vaksne born

 

Barneverntenesta har til ei kvar tid mange saker til handsaming i Fylkesnemnda, Tingretten, eller Lagmannsretten. Kommunen er då representert ved advokat- enten frå Kommuneadvokaten i Fjell  eller Advokat Stiegler. Barneverntenesta ved kontaktperson fremjar sak og deltek under handsaminga av saka. Dette er ei krevjande oppgåve, både i forkant og å følgja opp det som vert vedteke. Det har i 2018 vore 16 saker, rettslege tingingar i fylkesnemnd og tingrett, med 2-3 dagar i retten. Fleire saker vert i tillegg løyst med samtaleprosess eller frivillige avtaler som vert avslutta før saka vert sendt til rettslege tingingar.

Kommuneadvokaten nyttar ein 100% stilling til å representera barneverntenesta i prosessoppdrag. I tillegg kjem generell juridisk rettleiing og assistanse i andre saker.

Barneverntenesta har ansvar for 13 unge einslege mindreårige. 5 gutar bur i bufellesskap med heildøgnbemanning. 4 gutar bur i bukollektiv med bemanning kveld og natt. 4 gutar bur på hybel med oppfølging.

 

 

Arbeidsmiljø

2018  har vore eit særs krevjande år for dei ulike fagavdelingane hos Sosialsjefen. Nye oppgåver og stor aktivitet har utfordra tenestene og den enkelte medarbeidar. Etterspurnad etter trygge og sikre tenester er stor. Behovet for akuttplassar til ungdom har aldri vore større. Sosialsjefen har derfor hatt eit særleg fokus på å ha eit trygt og støttande arbeidsmiljø. Kompetanse, rutinar, rettleiing og sosiale møtepunkt har vore prioritert.

Tilbakemeldingane er frå alle avdelingar er dei trivst med arbeidet sitt og som kollegaer.

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Kommunen har over år hatt eit særleg fokus på førebyggjande tiltak for born og unge. Dette er eit særs viktig val for å kunne gje hjelp til dei som treng det, så tidleg som råd er. Tala som det er vist til, syner at mange  born og unge og deira foreldre treng hjelp. Det er særs urovekkjande at mange familiar har høg konflikt der foreldre utøver vald og overgrep, både mot born og partnar.

 

Kjerneoppgåva til barnevernet er å avdekkja alvorleg omsorgssvikt og sjå til at borna og familien får nødvendig hjelp frå kommunale instansar. Tenesta har eit særleg ansvar for dei som lever i ein situasjon som kan skada helse og utvikling, og ha eit førebyggjande ansvar for denne gruppa.

Kompetente medarbeidarar der fag, kjennskap til verktøy som metodar og spesialisering samt personleg eigenskapar blir naudsynt for å hjelpa til å snu ein situasjon.

Mange unge slit i kommunen vår, dei fell ut av skule, manglar nettverk og er ofte i konflikt med foreldra sine. Mange slit med psykiske problem og rusar seg.

 

Fjell kommune har høg kompetanse og vil evne å møta dei utfordringane som er og vil koma.

Etablering av vår nye kommune vil kunne gje eit robust tenesteomfang til dei som har rett på lovpålagte tenester og som sikrar at barn og unge som lever under forhold som kan skada helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018