Skulesjefen

 Overordna mål:

 

Skulen i Fjell er framtidsretta gjennom læringsfremjande tiltak bygd på forskningsbasert kunnskap. Med eleven i sentrum skal den kollektive  kompetansen støtta opp om utviklinga fagleg og sosialt.

Skulesjef Wilhelm Anglevik

Tenestene hjå skulesjefen

1. Grunnskuleopplæring

Grunnskuleopplæringa i Fjell er fordelt på 13 skular, 2 av dei er ungdomsskular. I tillegg ligg vaksenopplæring og kulturskulen som tenester under skulesjefen. Kvaliteten i skulen vert vurdert i høve til struktur, prosess og resultat. Vi nyttar ulike kartleggingar, elevundersøkingar og nasjonale prøver for å få eit godt grunnlag for læringsutvikling.

 

Læringsleiing

Den overordna satsinga innan pedagogisk utviklingsarbeid er sidan 2015 samla i omgrepet «læringsleiing.»

Innanfor læringsleiing ligg dei tre satsingsområda i Fjellskulen fram til 2020:

  1. Grunnleggjande ferdigheiter
  2. Vurdering for læring
  3. Elevane sitt læringsmiljø

 

På sporet av framtidas skule

Skulesjefen starta hausten 2015 ein prosess med mål å samla dei framtidsretta strøymingane i samfunnet og retningslinjene frå direktorat og regjering i eit lokalt forankra dokument, «På sporet av framtidas skule». Framtidsskulen i Fjell byggjer på Fagfornyinga slik den er presentert i nasjonal læreplan. Gjennom fokus på framtidsretta undervisning skal skulen i Fjell utvikla elevane til å bli i stand til å møta samfunnsmessige og arbeidsrelaterte endringar.

 

Viktige element i framtidsskulen er m.a.:

- Digitalisering

- Djuplæring

- Samhandling

- Forskningsbasert utvikling

 

Trygg i Fjell

Trygg i Fjell er eit samla omgrep for Fjell kommune sine tiltak for arbeid mot mobbing og krenkande åtferd.

 

Skule og forsking

Skulesjefen legg vekt på at utviklingsarbeid og kompetansebygging skal skje i samarbeid med høgskule, universitet og forskingsinstitusjonar. Fjell samarbeider med UIB, NLA, Sintef, HIB, HVL, VilVite Læringsmiljøsenteret i Stavanger. Fjell har djuplæring som eit viktig fokus og LearnLab er ein viktig samarbeidspartnar. Gjennom forskingsprosjektet «Dale Oen Experience» og YouExplore på ungdomstrinnet, har ein fokus på miljøforsking. I høve til språk er Fjell kommune inne i eit større forskingsprosjekt om nynorsk språk og målform saman med UIB: «Stolt av eige språk». Fjell er også med i utviklingsprosjektet «Språkløyper» som har fokus på lesing og skriving.

 

Den raude tråden

Skulesjefen er oppteken av samanhengen i opplæringa frå barnehage til yrkesliv. Målsetjinga er betre læringsutbyte og å minske fråfallet frå utdanningsløpet. Ein legg vekt på å sikra overgongane mellom dei ulike læringsarenaene. I tillegg til samarbeid med barnehage, har skulen i Fjell sidan 2015 etablert eit sterkare samarbeid med vidaregåande skule og næringslivet.

 

Digitalisering i skulen

Som del av eit framtidsretta samfunn er det viktig å førebu elevane til deltaking i eit digitalisert arbeidsliv og ein digitalisert kvardag. Prosjektet med digitale klassar er etablert på ungdomsskulane og seks av barneskulane. Målet er full digitalisering av skulane i den Nye Øygarden kommune i 2021.

 

2. Skulefritidsordninga (SFO)

Alle elevane i 1.-4. trinn får tilbod om SFO. Dei største SFO-ordningane har ferietilbod.

 

3. Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)

PPT rettar sine tilbod mot born utover det ordinære undervisningstilbodet i skulen, slik at dei skal kunne høyra til eit inkluderande skulemiljø. PPT rettar særleg merksemd mot det førebyggjande arbeidet ved tidleg innsats, inn mot klasseleiing og leseopplæringa. Dei siste åra har Marte Meo metodikken vore brukt systematisk som verktøy i barnehage og skule.

 

4. Kulturskuletilbod

Fjell kulturskule gjev tilbod til om lag 270 elevar innan musikk, dans, kunst, drama og matlaging. Kulturskulen i Fjell nyttar Insight som digitalt system for utviklingsarbeid og oppfølging av kvalitetsmål. Kulturskulen har i skuleåret 2018-19 starta samarbeid med Norsk kulturskuleråd. Rettleiingsperioden varar frå januar 2019 til juni 2020 og har som mål å etablera eit kontinuerleg utviklingsarbeid i kulturskulen i samhandling mellom skuleeigar (administrativ og politisk) og kulturskulen.

 

5. Vaksenopplæring

Fjell kommune har organisert tilbod til vaksne ved Fjell vaksenopplæring. Tilbodet er delt i to, vaksne som har rett til grunnskuleopplæring etter § 4A-1, og nykomne innvandrarar med rett og plikt til deltaking i norsk og samfunnskunnskap, med tilbod om gratis norskkurs, j.fr. introduksjonslova §17.

 

6. Introduksjonsprogram for nye flyktningar

Introduksjonsprogram for nye flyktningborn frå 6 – 16 føregår i innføringsklasser på Knappskog og Tranevågen skular. Ungdom over 16 år som treng grunnskuleopplæring, får undervisningstilbodet sitt på Fjell vaksenopplæring på Straume.

 

 

Året som har gått

  • Den faglege utviklinga frå nasjonale prøvar syner ein positiv langsiktig trend, sjølv om resultata frå år til år vil variera noko i høve til nasjonalt nivå.
  • Den sosiale utviklinga har og vore positiv dei siste åra, noko som kjem fram i resultata frå elevundersøkinga. Elevane sitt læringsmiljø er på eller over landssnittet.
  • Elevtalet i Fjell har vore stabilt og er svakt stigande framover mot 2025. Fjell har fått utarbeida oppdatert elevtalsprognose fram mot 2030. Det kjem fram at ein kan venta ein større auke av elevtalet rundt sentrumsområda på Straume og Ågotnes frå 2025-2030.
  • Fjell har eit relativt lågt tal elevar per lærar. Etter strukturendringa i 2018 ventar vi ei tilnærming til nasjonal lærarnorm.

 

 

Mål og resultat

  • Dei siste 5 åra syner ei positiv fagleg utvikling i Fjellskulen. Grunnskulepoenga, som er eit mål for den einskilde elev sitt læringsutbyte i den 10-årige grunnskulen, ligg i 2017-18 på nasjonalt nivå
  • Dei siste 5 åra syner ei positiv utvikling av elevmiljøet i Fjellskulen. Elevundersøkinga syner at Fjell har mindre mobbing enn landet elles.

 

 

Arbeidsmiljø

Sentrale faktorar i arbeidsmiljøet og utviklingsarbeidet i skulesektoren er:

  • Godt samarbeid i alle ledd
  • Tilbod om kompetanseutvikling
  • Organisasjonsutvikling med vekt på innovasjon og systemutvikling
  • Politisk og administrativt eigarskap

 

 

Utfordringar i tida som kjem

  • Sluttføring av tiltaka knytt til skulestrukturendring ved Liljevatnet – Brattholmen.
  • Utbygging på Bjorøy skule og rehabilitering av Foldnes skule
  • Kommunesamanslåing

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018