Overordna mål:

 

Servicetorgsjefen har som hovudmål at avdelinga skal yta tenester til beste for innbyggjarar og andre som vender seg til oss. Saman med visjonen om at Servicetorgsjefen i Fjell skal vera kjent for gode tenester, høg kompetanse og nytenking, skal følgjande verdiar prega handlingane til medarbeidarane

• Vennleg

• Fleksibel

• Hjelpsam

• Solidarisk

• Påliteleg

Servicetorgsjefen har utarbeidd definisjon for A-standard på servicenivået.

 

 

Sevicetorgsjef Lillian Torsvik

Tenestene hjå Servicetorgsjefen

  • Fellestenester: post, arkiv, telefonsentral, kundemottak
  • Informasjon: heimeside, Facebook, Intranett, web-design, presentasjonsmateriell
  • Sekretariat for politisk arbeid
  • Forvaltning av alkohol- og serveringslov
  • Oppgåver knytt til kommunen som barnehagemynde i samsvar med barnehagelova
  • Etablerarrettleiing og næringsfagleg vurdering, kontakt og oppfølging av kommunale selskap og kontaktpunkt for næringslivet
  • Bustadkontor: skaffa bustader til særskilde målgrupper, tildela bustader og forvalta Husbanken sine økonomiske verkemiddel.
  • Kemnertenesta for Fjell, Sund og Øygarden: innkrevjing av skattar og avgifter, arbeidsgjevarkontroll og skatterekneskap
  • Frivilligsentralen

 

 

Året som har gått

I 2018 har servicetorgsjefen fullført tiltaka i handlingsprogrammet for 2018 – 2021.

 

I løpet av året vart tre leilegheiter i Straume sjøfront, 8 leilegheiter på Trengereid og 18 leilegheiter i Straumeporten klare for innflytting. Dette medførte kraftig reduksjon i ventelista på kommunal bustad. Ved hjelp av startlån fekk 35 familiar høve til å kjøpa eigen bustad og 8 kommunale utleigebustader vart frigjevne som følgje av aktiv bruk av desse midlane.  Bustadkontoret har arbeidd aktiv med å sikra gode bumiljø og framskaffing av kommunale bustader i ein differensiert bustadmasse.

 

Felles arkivprosjekt med Sund og Øygarden vart avslutta hausten 2018. Prosjektet har vore finansiert med skjønsmidlar frå Fylkesmannen i tillegg til eigeninnsats frå tilsette i dei tre kommunane. Hovudoppgåva i 2018 har vore ferdigstilling av bevarings- og kassasjonsplan og planlegging av digitalisering av byggesak/gards- og bruksnummerarkiva. Det har elles vore arbeidd med førebuing  av arkiva til ny kommune og avslutning av eksisterande kommune.

 

I juni var arkivverket på tilsyn. Målet med tilsynet var å gå igjennom arbeidet kommunen gjer for å sikra at alt arkivverdig materiale vert teke vare på i samband med overgang frå eksisterande kommune og inn i ny kommune.

 

Servicetorgsjefen og biblioteket starta opp arbeidet med prosjekt «Ny digital kvardag». Prosjektet skal leia fram til eit lågterskel opplæringstilbod som skal hjelpa innbyggjarane i kommunen til å bli tryggare i den digitale kvardagen. Innbyggjarar som ønskjer det kan få individuell opplæring i bruk av offentlege tenester på nett og få auka kompetansen sin i bruk av digitale verkty og digitalt utstyr. Tenesta vil også bidra til å minska dei digitale skilja i befolkninga.

Servicetorgsjefen hadde i første halvdel av 2018 3 lærlingar. Av desse gjennomførte og bestod 2 fagprøven i juli. Frå august starta to nye lærlingar opp i kontorfaget.

 

Servicetorgsjefen deltek i prosjektet «Rett i arbeid» og har to personar i arbeidstrening. Ein person arbeider på dokument- og servicesenteret og ein person arbeider på bustadkontoret. Dette prosjektet handlar om å få flykningar tidleg ut i arbeid og kombinera arbeid med skulegang på kveldstid.

 

Alle barn som hadde rett til barnehageplass og hadde søkt innan fristen 1. mars, fekk plass i barnehage for barnehageåret 2018/2019, men i 2018 har kommunen hatt ein del barn på venteliste til barnehageplass.

I samsvar med  barnehagelova og sentral forskrift knytt til hushald med låg inntekt, fatta Servicetorgsjefen 193 enkeltvedtak om redusert foreldrebetaling for barnehageåret 2018/19. Av desse så fekk også 137 barn gratis kjernetid.

 

I starten av 2018 vart det innført nye parkeringsreglar for tilsette og besøkjande for området Fjell rådhus og Straume helselandsby. Servicetorgsjefen har forvalta dei nye reglane til beste for besøkjande og tilsette. Det tok litt tid før vi såg at reglane verka etter intensjonen, men med nokre justeringar undervegs er føremålet med nok parkeringsplassar til besøkjande oppfylt.

 

I 2018 endra Stortinget delar av ekteskapslova og tilhøyrande forskrifter og overførte vigselmynde frå notarius publicus til ordførar, varaordførar og kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret gjev slik mynde. I Fjell kommune tildelte kommunestyret personalsjef og kultursjef slik mynde.

 

Dette første året har 25 par nytta seg av den nye ordninga. Det er i hovudsak ordføraren som har vigd dei fleste brudepara og dette har ho gjort på ordførarkontoret, som er kommunen sitt offisielle vigselsrom. I tillegg til ordførar har også varaordførar, personalsjef og kultursjef utført oppgåva.

 

Kemneren legg kvart år fram eigen årsrapport for kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden. Rapporten for 2018 viser at kemneren har nådd målkrava til Skattedirektøren for 2018. Kemnerkontoret har promotert kampanjen «Handle kvitt» og delteke med informasjonsarbeid i fleire ulike fora. Vidare deltek kemnerkontoret aktivt med i den landsomfattande aksjonen «Vårt Lokalsamfunn» som går ut på å undervisa elevar på 4. klassetrinn om dei økonomiske samanhengane i samfunnet.

 

Kemnerkontoret gjennomførte 378 utleggsforretningar. Det vart gjennomført 62 ulike arbeidsgjevarkontrollar. Dette utgjer 5,3% av totalt tal på opplysningspliktige i kommunen.

 

Frå 01.01.2018 vart servicetorgsjef Lillian Torsvik konstituert rådmann og Grethe Bergsvik overtok funksjonen som servicetorgsjef dette året. Lillian Torsvik har og, saman med fleire andre tilsette hos servicetorgsjefen, vore sterkt involvert i arbeidet med å organisera nye Øygarden kommune.

 

Hausten 2018 vart leiarane i servicetorgsjefen si avdeling engasjerte som del-prosjektleiarar for fleire prosjekt i organisering av nye Øygarden kommune. Dette var eit arbeid som tok mykje tid og førte til ekstra arbeidspress i avdelinga.

 

 

 

Mål og resultat

Politiske prioriteringar:

 

4. Vidareutvikla samarbeidet med næringsaktørar, skapa tryggleik for eksisterande arbeidsplassar og leggja til rette for nye etableringar. Arbeida for at det kan skapast fleire lærlingplassar i kommunen og næringslivet. Ved nye offentlege kontraktar skal bedrifter som har lærlingar føretrekkjast.

Status: Vert arbeidd med, t.d. i form av faste møte med sentrale aktørar i næringslivet (kontaktutvalet). Kommunalt tilskot til Gründerparken Vest.

Status: Politisk vedtatt målsetting vert fylgt opp og det er 80 lærlingar i Fjell kommune i dag. Kapasitet til rettleiing avgjer satsinga og fleire midlar vil kunna auka kapasiteten ytterlegare.  Samarbeid mellom Sund og Fjell.

 

Administrative prioriteringar:

 

4. Styrka og vidareutvikla den heilskaplege satsinga for å nedkjempa barnefattigdom i kommunen. Det skal utarbeidast tiltak for å utjamna sosiale forskjellar blant barn og unge, og for å redusera dei negative konsekvensane ved å veksa opp i familiar med vedvarande låginntekt (NYTT PUNKT).

Status: Bustadkontoret har delteke i denne satsinga ved å gje barnefamiliar gode kommunale utleigebustader, gitt høve til å kjøpa eigen bustad gjennom startlån og tilskotsordning. I tillegg er det gjeve informasjon og rettleiing om statleg bustønad.

 

5. Førebu og følja opp kommunesamanslåing i regionen, med tanke på økonomiske og organisatoriske følgjer, samt avvikla organisasjonen Fjell kommune

Status:  Prosessen er starta og har vore høgt prioritert. Er delvis finansiert med prosjektmidlar og ved frigjering av ressursar internt. Arbeidet har gått ut over dagleg drift.

 

15. Planleggja og byggja bustader for personar med store oppfølgingsbehov knytt til rus og psykiatri.

Status: Ferdigstilt og teke i bruk ROP-huset på Bildøyna.

 

16. Skaffa til vegar sju husvære i bufellesskap for menneske med psykisk liding, i tillegg til vidare utbygging som skildra i kommunedelplan for bustadutvikling. Vidare utgreia behov for interkommunalt samarbeid / bustader for menneske med særlege behov / psykisk sjuke.

Status: Lyngheia i Straume helselandsby er under bygging og vert ferdig i april 2019. Det vert arbeidd vidare med utbygging som skildra i kommunedelplanen for bustadutvikling.

 

18. Etablera akuttplassar for ungdom som ikkje kan bu heime. Laga eit ikkje-statleg forsøksprosjekt for ungdomsheim i Fjell kommune.

Status: Det er kjøpt 18 bustader i Straumeporten burettslag. Nokre av desse leilegheitene kan vera aktuelle som moglege akuttplassar.

 

29. Etablera digitale tenester og elektronisk kommunikasjonsform som føretrekt kanal mot innbyggjarar og næringsliv (Digitalt førsteval).

Status: Teke i bruk «Startskudd» som elektronisk søknads- og vedtakssystem for startlån og tilskot. Systemet er også tilrettelagt for digital kommunikasjon mellom søkjar og saksbehandlar. Har installert kommune-chatten Kari på nettsida og testar ut denne.

 

30. Leggja til rette for og innføra heilelektronisk arkiv.

Status: Det er gjennomført for saksarkiva. Heilelektronisk arkiv for fagsystema vert ikkje innført før etableringa av Nye Øygarden kommune.

 

 

Arbeidsmiljø

Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø, lågt sjukefråvær og lita utskifting av tilsette.

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Arbeidet med å etablera nye Øygarden kommune held fram med like stor kraft også i 2019 og dei fleste tilsette vert involverte i ulike arbeidsprosessar. Saman med daglege driftsoppgåver og arbeid med å avslutta Fjell kommune, kan dette føra til ekstra stor arbeidsbelastning på tilsette. Vi er redde for at denne situasjonen kan medføra at tilsette søkjer seg vekk frå kommunen. Ei utfordring vert å tryggja, motivera og oppmuntra tilsette til å vera med vidare inn i ny kommune.

Arbeid med digitalisering og sjølvbeteningsløysingar av tenester og arbeidsoppgåver vert planlagt, men ikkje innført før i ny kommune frå 2020.

 

Ei stor og viktig oppgåve i 2019 er å gjennomføra kommunestyre- og fylkestingsvalet. Dette valet vert organisert som om dei tre kommunane Fjell, Sund og Øygarden alt er slått saman og vert gjennomført i samarbeid med valmedarbeidarar frå Sund og Øygarden kommunar.

 

Eit anna viktig arbeid i 2019 vert å få full oversikt over alle avtaler, kontraktar og kontingentar som Fjell kommune har inngått og seia desse opp. Vidare må det gjerast ei vurdering av kor vidt nokre av desse må vidareførast og teiknast på nytt i den nye organisasjonen.

 

Det vert viktig for kemnertenesta i tida framover å halda fram med det gode innkrevjingsarbeidet og arbeida saman med Skatteetaten og andre etatar for å styrkja innsatsen mot arbeidsmarknadskriminalitet. Nye oppgåver frå skatteetaten vil føra til nye kontrollrutinar.

 

I 2019 vil Bustadkontoret halda fram arbeidet med målretta bruk av dei økonomiske verkemidlane til Husbanken, arbeida for gode bumiljø og vidareutvikla modellen «frå leige til eige». Bustadkontoret vil leggja vekt på å etablere «små-hus» til brukarar som har låg buevne.

 

Når det er teke stilling til korleis den nye kommunen vert organisert, vil det vera viktig å sikra overføring av nødvendig kompetanse, erfaring, gode arbeidsmetodar og etablerte samarbeidsrelasjonar til den nye kommunen.

 

 

Nøkkeltal

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018