Overordna mål:

 

Fjell kommune skal tilby effektive plan- og utbyggingstenester med høg kvalitet og høgt servicenivå. Fjell kommune skal halda oppe ein god standard på bygga til kommunen, anlegg, eigedomar og vegar og betra trafikktryggleiken for innbyggjarane. For framtida må vi både ved rehabilitering og i nye anlegg ha fokus på å auka robustheit og minimalisera sårbarheit når det gjeld ekstremvær og kriser. Vi vil utvikla myndiggjorte medarbeidarar som deler visjonar og mål, lærer av kvarandre og utfyller kvarandre slik at alle kan bidra til tenesteutvikling innafor sine fagområde.

 

Plan- og eigedomssjef Bjørn Erik Kristiansen

Tenestene hjå Eigedomssjefen

 

Stab/Byggprosjekt

Plan- og eigedomssjefen sin stab jobbar mellom anna med gjennomføring av politiske vedtekne tiltak, utbygningsavtaler, kjøp og sal av tomteareal, utarbeiding av nye og oppfølging av gamle kontraktar, oppfølging av leigetakarar og utleigarar, finna lokale til kommunale tenestar, førebuing og sakshandsaming av kjøp, sal eller etterbruk av kommunal eigedom, fakturabehandling, behandling av nabovarslar som gjeld kommunal eigedom og prosjektdeltaking.

Bygg prosjekt har ansvar for kommunen sine byggeprosjekt frå idéfase til ferdig bygg og driv med prosjektstyring av økonomi, kvalitet og framdrift.

 

Byggesak

Avdelinga behandlar byggesaker etter plan- og bygningslova, og dispensasjonar frå kommuneplanen og reguleringsplanar. Avdelinga følgjer opp ulovleg bygging og tilsyn, og førebur klager til politisk behandling.

 

Miljø, geodata og oppmåling (MGO)

Avdelinga har ansvar for digitale karttenester/GIS, oppmålingstenester, frådeling av eigedom og er lokal forureiningsmynde. I tillegg forvaltar avdelinga ei rekke tilskotsordningar knytt til landbruk-, skog- og viltforvalting. Beredskapsleiaren for kommunen er knytt til avdelinga. Dette arbeidet vert gjort i tett samarbeid med rådmannen og den einskilde tenestestad i kommunen.

 

Plan

Avdelinga har ansvar for både areal- og samfunnsplanlegging i kommunen. Det inneber rådgjeving og saksbehandling av private og offentlige arealplanar, og prosjektleiing og utarbeiding av overordna planverk (planstrategi, temaplanar og arealdelen til kommuneplanen). Avdelinga bidreg med prosjektleiing i planleggingsfasen av tenesteutviklinga på sektorområda. Utarbeiding av folkehelseoversikta, analyse og utviklingsprosjekt ligg til avdelinga sitt ansvarsområde, saman med politisk sekretariat for komité for plan og utvikling.

 

Reinhald

Avdelinga har ansvar for reinhald, som er ein avgjerande faktor for helse og trivnad for brukarane,  bevaring av overflatene i bygget, forlengja levetida og redusera vedlikehaldskostnadene for bygget. Avdelinga har ansvar for dagleg og periodisk reinhald, vedlikehald av golvbelegg og hovudreingjering i alle bygg med kommunale tenester. I tillegg har den kommunale reinhaldstenesta nokre oppdrag for private helseverksemder som leiger i kommunale bygg, og for interkommunale føretak eller aksjeselskap som er knytt til kommunen. Avdelinga kjøper også inn reinhaldstenester frå reinhaldsbyrå til to små tenestestader.

 

Drift og vedlikehald

Avdelinga sine hovudoppgåver og målsetjingar er å oppretthalda eit godt, verdibevarande vedlikehald, oppfylla alle lovpålagte krav til brann, inneklima, miljøretta helsevern, universell utforming og oppretthalda ein god service til brukarane. I tillegg til drifts- og vedlikehaldsoppgåvene yter avdelinga vakthald og tilsyn utanom dagtid og stiller med ressursar ved beredskapsbehov og uføresette hendingar i kommunen.

Avdelinga handterer i dag om lag 135.000 m² med bygningsmasse, der 120.000 m² er eigd og 15.000 m² er leigd areal.

 

Samferdsel

Avdelinga har mellom anna ansvar for planlegging og gjennomføring av investeringsprosjekt for standardheving og rehabilitering av det kommunale vegnettet, prioriterte prosjekt for trafikksikringstiltak og den daglege drifta. Samferdsleleiar har ansvar for å utarbeida dei politiske sakene til KDF for fordeling av budsjettmidlane. Avdelinga har ansvar for å gjera avtaler om asfaltering og vintervedlikehald. Dette er i hovudsak leigde/kjøpte tenester med anbodsrundar etter lov om offentlege innkjøp. Mindre reparasjonsarbeid og driftsoppgåver som merking, skilting, kantklipping, reinsing av dreneringssystem og feiing langs vegar og på plassar gjer avdelinga sjølv. Avdelinga har også ansvar for matrikulering av kommunale vegareal og for drift og vedlikehald av dei kommunale kaiene.

 

Avdelinga har eigne maskiner og personell som kan ta mykje av drift og vedlikehald sjølv, m.a.:

- Kosting, kantklipping og grøfterensk

- Lapping av asfaltdekke og mindre reparasjonsarbeid

- Pigging av t.d. små fjellknausar

- Skilting og merking.

 

Grønt

Avdelinga har som mål å kunna etablera, drifta og vedlikehalda  kommunen sine parkar, plenar, gangvegar og uteareal ved kommunale bygg. Forvaltning av kommunale skogsområde høyrer og naturleg til avdelinga. Grønt avdelinga er ein god stad for arbeidstrening. I hovudsak er dette tenkt for ungdommar  frå «NAV-Muligheten», men vil i periodar også kunna vera eit eigna tilbod for andre som t.d. NAV, «Kraftsenteret», Trigger m. fl.

Grønt avdelinga har gjeve 8 personar arbeidstrening i 2018.

 

 

Året som har gått

 

Utbyggingsprosjekt 2018

  • Øygarden lokalmedisinske senter vart ferdigstilt i november 2018, unntatt tannklinikken som vart ferdig i januar 2019. Bygget er Fjell kommune si største investering nokosinne, og er det mest komplekse bygget i helselandsbyen. Det er eit framtidsretta bygg med gode løysingar for pasientar og tilsette.
  • Landro skule har fått ferdigstilt tilbygg og rehabiliteringa, og vart offisielt opna hausten 2018.
  • Bildøyvegen, utviding av veg frå Straume Sjøfront til Ankerhagen
  • Gang- og sykkeltunnel frå Straume sjøfront til Sartor senter
  • Sykkelparkering ved Straume terminal
  • Vindenes kai, utbetring
  • Brattholmen kai, utbetring
  • Gamle Straumsundet bru, forprosjekt til ny bru
  • Turøy molo, nytt båtopptrekk
  • Fv. 209 Foldnesvegen, byggetrinn 1
  • Vestrepollsvegen, møteplass

 

Service og tenesteyting

Talet på nye byggesøknader har gått noko ned, medan tal oppmålingsforretningar og private plansakar har vore stabilt i 2018 samanlikna med året før.

Flystøy er framleis ei utfordring, men nye støykart frå Avinor har endra situasjonen positivt for fleire. Dette gjer at fleire har fått byggeløyve der det tidlegare ikkje var rom for det.

 

Miljø

Ved etablering av tilsynsplan for planeringsfelt, har arbeidet mot ulovleg planering og bruk av forureina massar blitt meir systematisk. Kommunen har også sett fokus på nedgravne oljetankar og forbodet mot bruk av olje/parafin til oppvarming som trer i kraft i 2020. Det er også vore tett samarbeid med Fjell VAR om saneringsplanar for private avløp, parallelt med utbygging av offentleg avløp.

 

Plan

Handlingsplan for energi, miljø og klima 2018-2020, og handlingsplan for betre samordning mellom tenestene i høve til å avdekkje og hjelpe barn og deira pårørande i akutte omsorgssituasjonar er vedtekne. Sistnemnte plan blir vidare følgt opp gjennom Stimulab-prosjektet i fellesskap med Nye Øygarden kommune. Framlegg til kulturminneplan er under arbeid.

 

Offentlige reguleringsplanar for Bildøyvegen og Landro gravplass er vedtekne, og fylkesveg 555 og 561 er under arbeid. Kommunedelplan for Straume, kvalitetsprogram for Ågotnes og områderegulering for Branndalsåsen og Nordre Bildøyna (Se1) er under arbeid.

 

To større prosjekt på avdelinga, eksternt finansiert, er avslutta i 2018. Prosjekt nærmiljø og skuleveg har siste året hatt fokus på Litlesotra. Saman med byregionprosjektet (BYR), Robuste berekraftige regionsenter i ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion, utgjer prosjekta viktig kunnskapsgrunnlag som blir integrert i vidare planarbeid i kommunen. Eit nytt regionalt samarbeid i form av sykkelbyavtalen er sett i gang. I tillegg vart kommunen invitert inn i byvekstforhandlingane for Bergensregionen. Forhandlingane starta hausten 2018, og held framleis på.

 

Det vert fremja og behandla private reguleringsplanar frå heile kommunen, primært bustadplanar, men også fleire næringsplanar. 9 motsegnsaker vart med inn i 2018 og tal saker var aukande, totalt 13 i desember 2018. Motsegnene handlar i all hovudsak om manglande trafikksikring og trygg skuleveg. Enkelte planar er også i strid med overordna plan. Desse sakene har kravd mykje ressursar.

 

Reinhald

Avdelinga har kontinuerleg fokus på opplæring i reinhaldsoperatørfaget. Til saman har vi no 30 reinhaldsoperatørar og 12 medarbeidarar med godkjent teorieksamen.

I løpet av 2018 var det 5 personar på praksisplassar for arbeidstrening og språktrening for flyktningar via NAV, AOF eller Fjell vaksenopplæring. Nokre av desse vert no brukt som ringevikarar.

Det nye lokalmedisinske senter blei utstyrt med reinhaldsutstyr og maskiner, reinhaldsbehovet vart stipulert og personell blei trena opp.

Avdelinga har satsa på meir bruk av reinhaldsmaskiner. Dette aukar reinhaldskvaliteten.

Vi har bedriftsintern opplæring, der ein av våre mest erfarne reinhaldarar driv trenings- og repetisjonsskule på sin eigen arbeidsplass. Her får andre fast tilsette og vikarar trena seg på arbeidsprogram og bruk av reinhaldsmaskiner.

 

Drift og vedlikehald

Viktige saker i 2018:

  • Overtaking og driftsstart av LMS
  • Landro skule tilbygg
  • Avvikling og etterbrukssaker for Misje skule og Tellnes skule
  • Prosjekt med elbil-ladarar til alle kommunale bygg, 154 stk.
  • Totalrenovering av Ågotnes symjebasseng
  • Riving av Kårtveit gamle skule
  • Reservestraumprosjekt
  • Oppgradering av uteområde i barnehagar og skular
  • Oppgradering av eldre barnehagar
  • Utvikling av driftsrutinar og FDV systema
  • Handtera auka tal brukarar og tenester
  • Tilstandsregistrering
  • Tilpassing av bygg for brukarar med spesielle behov, til dømes universell utforming
  • Oppfølging av lærlingar.

 

Grønt

I 2018 fullførte avdelinga turvegen ved Kvernavatnet. I tillegg har avdelinga blant anna arbeidd med drift- og standardheving av leikeplassar for skular og barnehagar. Det er vidare rydda skog ved Fjell festning, Kjærleiksstien på Sekkingstad og tre og hekkar ved kommunale bygg. Avdelinga har assistert andre tenestestader med maskin og transportoppdrag. Det er etablert grillplass ved Fjell festning. Avdelinga arbeider med å fjerna og utrydde parkslirekne frå Møvik.

 

 

Arbeidsmiljø

I 2018 har ein hatt nye endringar i leiing og organisasjonsstruktur, med anna samanslåing av to sjefsområde til Plan- og eigedomssjefen.

Stort arbeidspress og mange foreldrepermisjonar har vore ein utfordring i 2018. Sjukefråværet er redusert frå tidlegare år, men ligg framleis litt høgt.

Høg trivsel og eit mangfald av arbeidsmessige utfordringar gjer arbeidsdagen til dei tilsette gjevande.

 

Nye Øygarden kommune

Den pågåande omstillingsprosessen i samband med kommunesamanslåing er krevjande og gjorde seg for alvor gjeldande for administrasjonen hausten 2018, då delprosjekta vart sett i gong.

Ei gruppe med representantar frå dei tre kommunane har arbeidd tett i 2018 med samordning av gards-/bruksnummer, adresser og krinsar. Arbeidet er viktig for etableringa av felles matrikkel i nye Øygarden kommune.

Hovudtillitsvalde og tilsette hjå plan- og eigedomssjefen har vore involvert i tilsettingsprosessar i NØK, og til ein viss grad i arbeidet med ny organisering. Planavdelinga bidreg med prosjektleiar for Stimulabprosjektet og ressursar til prosjektstøttestaben i NØK. Sistnemnte utgjer 40 % frikjøp.

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Arbeidet knytt til kommunesamanslåing vil krevja store ressursar på alle felt og vil gje utfordringar i høve til kapasiteten på avdelinga. Vi står overfor krevjande prioriteringar knytt til andre oppgåver.

 

Å rekruttera og behalda kompetente og erfarne fagfolk vert særleg viktig framover. Like eins å få på plass rett bemanning som krevst i forhold til aukande byggareal og tenesteyting. Oppfølging av dokumentasjon, serviceavtalar og tilstandsregistrering må få tilstrekkeleg prioritet.

 

Fjell kommune står i dag i fleire krevjande prosessar, oppfølging av byvekstforhandlingane, Sotrasambandet, nye fylkesvegar nord og sør, motsegnssaker, godshamn og næringsutvikling. Dette er saker der det er sterke nasjonale og regionale forventningar knytt til areal og klima.  Etter kommunesamanslåinga vil NØK  verta den nest største kommunen i Vestland fylke, og utgjera ein sentral del av vekstkrafta i Bergensregionen. Med det følgjer også eit behov for at ein lokalt jobbar for å finna det lokale utviklingspotensialet i møte med dei nasjonale og regionale forventningane.

 

Utbyggingsprosjekt 2018/2019

  • Brattholmen skule, forprosjektering av ny veg, p-plass og kaianlegg
  • Foldnes skule er prosjektert for rehabilitering og asbestsanering. Asbestsaneringa er ferdig, og rehabiliteringa pågår fram til hausten 2019
  • Lyngheia bufellesskap er eit bufellesskap med 6 leilegheiter som hadde oppstart av bygging i april 2018, og er venta ferdig i april/mai 2019
  • Landro gravplass vart regulert og prosjektert i 2018. Arbeidet med utvidinga starta i desember 2018 og skal vera ferdig i september/oktober 2019
  • Bjorøy skule skal utvidast. Arbeidet starta sommaren 2018, prosjektet skal vera ferdig hausten 2019.
  • Rehabilitering av demens avdelinga ved Fjell sjukeheim. Byggprosjekt har sett på løysningar for dette, arbeidet pågår framleis. Usikkert kva tid det eventuelt vert starta.
  • Fv 209 Foldnesvegen, byggetrinn 2
  • Bildøyvegen, godkjent reguleringsplan i juni 2018. Utarbeiding av anbod for totalentreprise.
  • Geitanger, vegsikring og asfaltering
  • FV 209, rundkøyring – prosjektering og anleggsstart av permanent rundkøyring i kryss Grønamyrsvegen/FV 209, Kystbygarasjen.
  • Trollhaugmyra/Idrettsvegen, nytt fortau og gangfelt
  • Idrettsvegen, prosjektering av kulvert og busstopp
  • Kallestadvikvegen, utbetring av bussnuplass.

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018