Overordna mål:

 

Fjell kommune skal utvikla kompetanse og rutinar for eit velfungerande personalarbeid på alle nivå.

Personalsjef Lisbeth Grosvold

Tenestene hjå Personalsjefen

Personalsjefen si viktigaste oppgåve er å yta personal- og utviklingstenester til heile organisasjonen. Arbeidsområdet utgjer 10 årsverk, og frikjøpte tillitsvalde er lønsmessig lagt til Personalsjefen.

 

Viktige område er:

  • Strategisk kompetanseutvikling
    • Særleg fokus på samordna, felles strategisk kompetanseutvikling
    • Samarbeid med og opplæring av leiarar, verneteneste og tillitsvalde
    • Leiarutvikling
  • Personaladministrativ sakshandsaming
    • Saksbehandling innan personalforvaltning
    • Sjå til at gjeldande lovar og reglar vert følgde
    • Administrative oppgåver ved tilsetjing
    • Lønsførebuande arbeid/pensjonar
  • Digitalisering
    • Utvikling og effektivisering av personalsystem og rutinar
  •  Rådgjevings- og støttefunksjonar
    • HMT (Helse, miljø og tryggleik)
    • IA-arbeid (Inkluderande arbeidsliv), sjukefråvær, nærværarbeid og kontaktledd med bedriftshelsetenesta
    • Personalsaker og konflikthandtering
    • Bistand i rekrutteringsprosessar
  • Oppfølging av lærlingar
    • Kompetanse- og kvalitetshevande tiltak
    • Kontaktledd med faglege rettleiarar, fylkeskommune, skule og næringsliv
  • Partssamarbeid og tingingar med arbeidstakarorganisasjonane

 

 

Året som har gått

Personalavdelinga har i 2018 halde fram med planleggingsoppgåver knytt til gjennomføring av verksemdsplattforma (VP20) og hatt fokus på å gjennomgå arbeidsprosessar i organisasjonen med tanke på effektivisering, automatisering og kvalitetsheving. Vi har teke i bruk ny ferie/fråværsmodul i Visma personalsystem. Modul for personalmeldingar er starta opp, og er under arbeid. Ny elektronisk sjukefråværsmodul frå NAV vart teken i bruk i heile organisasjonen.

 

Rekruttering/turnover

Personalsjefen er sekretariat for stillingsgruppa til rådmannen, som i 2018  handsama 108 ledige stillingar. Av desse var det 21 medarbeidarar som gjekk av med pensjon/AFP. Turnover for 2018 er etter dette 69 stillingar. 18 medarbeidarar har skifta stilling internt i kommunen.

 

 

VP20 Mål og resultat

 

1. FRAMTIDSUTVIKLING

 

Mål/delmål

Fjell kommune skal ha ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk som støttar opp om kommunen sine verdiar, visjon og mål. Vi skal stimulera til god rekruttering gjennom strategiske nettverk og omdømebygging.

 

Resultat 2018

Ei viktig oppgåve var å skapa fleire lærlingplassar. I 2017 hadde vi 78 lærlingar, mens vi i 2018 nådde 80 lærlingar.

 

Lærlingar i Fjell kommune i 2018:

  • Kontor og administrasjonsfaget:           3   lærlingar
  • Byggdrifter-faget:                                    3  lærlingar
  • Institusjonskokk:                                      1   lærling
  • IKT-faget:                                                  4  lærlingar
  • Helsefag:                                                 27  lærlingar
  • Barne og ungdomsarbeidarfaget:        42  lærlingar
  • Lærlingar til saman:                               80 lærlingar

 

 

Rekruttering og heiltidsstillingar

Fjell kommune skal sikra god rekruttering og god kompetanse i kommunen ved å leggja til rette for fleire heiltidsstillingar og auka grunnbemanning. Kommunen har ei tverrfagleg arbeidsgruppe med særleg ansvar for dette arbeidet. Gjennomsnittleg stillingsprosent har auka frå 80,58 prosent til  82,89 prosent frå 2015 til 2016 og frå  83,51 prosent til 83,94 prosent frå 2017 til 2018.

 

  • Fleire og fleire tenestestader tar i bruk turnus som arbeidstidsordning
  • Marknadsføring/omdøme, kvar rekrutterer vi?

             o Deltatt på utdanningsmesse av ulike slag

 

 

 

 

2. MEDARBEIDARSKAP

 

Mål/ delmål

Dei tilsette i Fjell kommune skal ha god opplæring og fagleg utvikling på alle område som kan gje god kvalitet på tenestene og medverka til kostnadseffektiv ressursbruk. Vi utviklar eit godt arbeidsmiljø gjennom relevant kompetanseutvikling, samhandling og kollegabaserte nettverk. Fjell kommune skal vidareutvikla leiarutviklingsprogram tilpassa behovet i organisasjonen.

 

Resultat 2018:

  • Arrangert og/eller lagt til rette for følgjande kurs/ seminar/opplæring:

o 5-dagarskurs i HMT for verneombod

o Kurs i QM+ ( Elektronisk HMT-system)

o Opplæring i QM+ for sjefane sine leiargrupper

o Introduksjonssamlingar for lærlingar

o Leiarsamlingane til rådmannen, der sjukefråvær har vore tema på kvar samling

o Leiarutvikling for rådmannen sitt leiarteam og «den store leiarsamlinga» ved Fremtidsforskningsinstituttet i
   København (IFF)

o Obligatorisk HMT kurs for alle leiarar med personal- og økonomiansvar og tilsette med delegert HMT-ansvar

o Brannkurs for etasjeansvarlege på rådhuset

o Opplæring i sjukefråværsoppfølging for sjefane sine leiargrupper (pågår)

 

  • Gjennomført årlege lønsforhandlingar i kapittel 3 og 5

 

  • Personalsjefen arrangerte den 13.02.2018 jubileumssamling med

- utdeling av Noregs Vel sin medalje ved 30 års teneste (14 medarbeidarar)

- markering av 25 og 40 års teneste (21 medarbeidarar)

- helsing til dei som vart pensjonistar i 2017 (33 pensjonistar).

 

 

3. TENESTEINNOVASJON

 

Mål/delmål

Fjell kommune skal levera gode rammevilkår for å sikra betre og effektive tenester. Personalavdelinga vil utviklast til ei avdeling med tydeleg rolleklarleik og kommuniserte forventningar. Vi skal stimulera til godt likestillings- og inkluderingsarbeid ved t.d. å oppnå 50 prosent av kvart kjønn i topp- og mellomleiarstillingar og auka jamstellinga mellom kjønn. Vidare skal vi ha fokus på å rekruttera fleire medarbeidarar med funksjonshemming og personar med bakgrunn frå andre kulturar.

 

Resultat 2018:

  • Utvikla eit rolledokument for personalområdet, kva oppgåver skal leiar gjera og kva oppgåver gjer personalavdelinga
  • Personalavdelinga har støtta sosialsjefen og skulesjefen i deira omorganiseringsarbeid
  • VISMA personalsystem: laga, informera om og implementera brukarmanualar
  • Implementert OLKWEB, eit elektronisk system for lærlingordninga
  • Starta arbeidet med GDPR for personalområdet.

 

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Personalsjefen vil i tida som kjem i stor grad arbeida med kommunesamanslåinga, kompetanseutvikling og effektivisering. Under desse områda handlar utfordringane særleg om:

 

1  Framtidsutvikling:

  • Endringsleiing:  alle leiarar og hovudtillitsvalde samt HVO har tilbod om leiaropplæring i regi av IFF (Instituttet for Fremtidsforskning i København)
  • Omstilling, bistand i eigen organisasjon.

 

2  Medarbeidarskap:

  • Motivera til å nytta resultata frå risikovurderingane saman med avvika i QM+ aktivt på den einskilde tenestestaden i det systematiske HMT arbeidet
  • Oppmoda til gjennomføring av 3-partsmøte og etterspørja kvaliteten i dette arbeidet
  • Delta i NED-prosjektet, eit KS prosjekt for oppfølging av sjukemelde
  • Rolleavklaring mellom Personalsjefen og tenestestadleiarar.

 

3  Tenesteinnovasjon

  • Tenesteinnovasjon vil i stor grad skje i kommunesamanslåingsprosjektet i lag med Sund og Øygarden kommunar, ved nye modular i VISMA og å byggja den nye personalavdelinga
  • Implementera personalmeldingar i VISMA personalsystem.

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018