Omsorgssjef Line Barmen

Tenestene hjå Omsorgssjefen

• Helsetenester i heimen

• Praktisk bistand og opplæring

• Rådgjeving og opplæring - pårørande

• Sjukeheim- Korttid/langtid

• Avlasting

• Intermediær avdeling

• Akutthjelp-senger

• Omsorgsbustad med og utan heildøgns bemanning

• Bustader for menneske med utviklingshemming

• Dagtilbod til ulike grupper

• Brukarstyrt personleg assistanse

• Parkeringsløyve for menneske med nedsett funksjonsevne

• Tryggleiksalarm/velferdsteknologi

• Omsorgsstønad

• Palliativ teneste/kreftkoordinator

• Hukommelsesteam/pårørandeskule/demensomsorg

• Kvardagsrehabilitering

• Koordinering av frivillig og privat arbeid retta mot helse –og omsorgstenestene

• Førebyggande heimebesøk

 

 

Året som har gått

2018 har vore eit hektisk, men spanande år innan omsorgstenestene i Fjell.  Målretta arbeid med tenesteutvikling, etablering av nytt lokalmedisinsk senter og ikkje minst etablering av Nye Øygarden kommune er noko av det som har utfordra og involvert mange tilsette frå ulike avdelingar. Alle leiarane innan Omsorgssjefen har delteke i ulike delprosjekt innan prosjektet Helse og velferd i Nye Øygarden kommune. Korte fristar for levering av rapportar har gjort

arbeidet hausten 2018 krevjande for alle involverte, men alle leverte gode rapportar i tråd med milepælar i prosjektet. Fantastisk innsats!

 

Innan tenesteutvikling har auka brukar-/pårørandemedverknad vore eit prioritert område, og våren 2018 vart det gjennomført ein innovasjoncamp kor intervju av brukarar og pårørande vart gjort saman med tenestedesignarar og fagfolk. Slik medverknad ønskjer vi skal føra til utvikling av tenester som betre møter innbyggjarane sine behov. Til dømes vart det etablert brukarråd i heimetenestene, og ved institusjonane er brukarråda aktiverte for å nå mål om større samskaping og involvering. Kvalitet og pasienttryggleik har vore sentrale tema i arbeidet.

 

Førebyggande heimebesøk til innbyggjarar over 75 år er starta opp i 2018. 118 personar fekk tilbod og 65% takka ja til tilbodet. So langt er desse besøka godt evaluerte som eit nyttig og førebyggande tiltak i samband med mål om at folk skal bu heime så lenge som mogleg.

 

God matomsorg har dei siste åra hatt stor merksemd nasjonalt og lokalt. Det er i 2018 gjort endringar i tidspunkt for servering av middag og innført ekstra lunsjmåltid ved institusjonane i Fjell. I tillegg vert det arbeidd vidare med tiltak som spiseven og meir heimelaga mat .

 

«Sjef i eige liv» er i 2018 følgd opp med å vidareutvikla tilbod som kan bidra til auka sjølvstende, tryggleik og trivsel hjå seniorar i kommunen.  Fjell er ein av fleire modellkommunar i landet som arbeidar for ei betre og framtidsretta demens-omsorg med særleg vekt på meir heilskapleg tenesteoppfølging og pårørandestøtte. Fleire personar med demenssjukdom  har fått eit nytt tilbod om dagaktivitet i heimen, gjennom samarbeid med Noen AS. Kommunen har og inngått avtale med «Nasjonalforeningen for folkehelsen» om å bli ein demensvenleg kommune. Nesten 100 tilsette på mellom anna Sartor Storsenter ,har fått opplæring i korleis dei best kan møta personar som ikkje hugsar alt som før. I løpet av året er modell for frivillig innsats innan omsorgssektoren vidareutvikla og nye frivillige har gjennomført kurs og bidrar med ulike aktivitetar både i institusjon og i heimen. Sotra sykkelklubb stiller opp som sykkelvertar for brukarar som ønskjer ein sykkeltur ute i nærområda. Dette har vore ein stor suksess hjå mange eldre som ikkje lenger kan sykle sjølve. Aktiv + og Treff+ gjer ein formidabel innsats i førebygging av einsemd, auka aktivitet og trivsel og det er stadig fleire som nyttar tilboda.

 

Velferdsteknologi vert gradvis innført og i 2018 har om lag  60 innbyggjarar fått skifta den tradisjonelle tryggleiksalarmen sin over til digital alarm. Alarmen vert no handtert direkte av tilsette i tenestene, noko brukarane set stor pris på. Digital medisineringsstøtte og digitalt tilsyn er teke i bruk i mindre omfang. Tilbakemeldingar på ny teknologi er gode både frå brukarar og tilsette i tenestene.

 

Nytt lokalmedisinsk senter på Straume vart ferdigstilt og overtatt av Fjell kommune i desember 2018. Bygget har fantastiske fasilitetar, utforming og utsmykking.  Ulike arbeidsgrupper med fagpersonell har gjennom året arbeidd med driftstilhøve, arbeidsflyt og logistikk som må vera på plass når senteret opnar i 2019. Prinsipp for dette arbeidet har mellom anna vore digitalisering, optimalisering av arbeidsprosessar og heiltidskultur.

 

Nye bustader til personar med utviklingshemming har vore under planlegging og skal etter planen opna i mai 2019. Prosjektleiar har sytt for stor medverknad frå pårørande/verjer, fagpersonar og råd for menneske med nedsett funksjonsevne  i heile prosessen. Dette er eit lenge etterlengta tilbod til unge personar som venta lenge på eigen bustad. Bustaden har fått namnet Lyngheia. Den er lokalisert i nærleiken av andre tilbod til brukargruppa og sikrar på denne måten fleksibilitet og samskaping i tenestene.

 

Opplæring og systematisering av arbeid med tiltaksplanar for brukarane har vore eit fokusområde hausten 2018. Kartlegging – tiltak – evaluering – korrigering vert sikra gjennom kontinuerleg arbeidd etter Lean-metodikk. Arbeidet vart intensivert etter tilsyn frå Fylkesmannen våren 2018 kor det vart påvist avvik innan dette området.

 

 

Arbeidsmiljø

Det er ikkje gjennomført medarbeidarkartlegging i 2018. Munnleg tilbakemelding frå tenestestadene er at medarbeidarane stort sett opplever eit godt og stabilt arbeidsmiljø, men at arbeidsdagane er krevjande med nye, komplekse arbeidsoppgåver og lita tid. Ved etableringa av ny kommune har det i slutten av året vore særs krevjande for mange tilsette, som i tillegg til eige arbeid, har delteke i prosjekt Nye Øygarden kommune. Prosjekta har vore samansett av tilsette frå alle tre kommunane, tillitsvalde og verneombod. I prosessen er kulturforskjellar komne godt fram og gode diskusjonar er gjennomført med entusiasme og engasjement. Men det er sjølvsagt mange ulike meiningar som kjem fram i prosessen og som utfordrar med omsyn til eige arbeidsfelt og arbeidssituasjon.

 

 

Brukarundersøking

Det er i 2018 gjennomført brukarundersøking ved alle tenestestader. Både brukarar og pårørande har svart på undersøkinga ved hjelp av intervju eller spørjeskjema. Resultata frå undersøkinga gav mange positive tilbakemeldingar og også ein del forbetringsområde. Særskilt er det jobba systematisk med brukarmedverknad i behovskartlegging og utarbeiding av  tiltaksplanar, i tillegg til kjem evaluering og korrigering etter fastsett plan. Undersøkinga viste også ein del forskjellar mellom samanliknbare tenester og det vert viktig å læra av kvarandre med omsyn til beste praksis.

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Å byggja ein ny kommune er krevjande og utfordrar  på mange ulike måtar. Men det er også eit spanande arbeid som gjev høve til nytenking og innovasjon. Det er eit stort engasjement og vilje hjå medarbeidarane til å bidra i det viktige arbeidet, men det er knapt med tid og ressursar. Det vert viktig å prioritera etablering av ny kommune framfor nye prosjekt og utviklingsarbeid i eigen kommune i tida som kjem. Det vert også viktig å prioritera kva som må vere vera på plass i 2020 og kva som kan arbeidast med over tid.

 

Å realisera full drift av det lokalmedisinske senteret på Straume vert ei hovudoppgåve i tida som kjem. Det er i budsjett for 2019 sett av midlar til framtidig drift av senteret med omlag 20 mill. Målsettinga om heiltidskultur har utfordra arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane med omsyn til alternative turnus- og arbeidstidsordningar ved senteret.

Å styrkja rekrutteringa av fagfolk gjennom fleksible arbeidstidsordningar, spanande arbeidsoppgåver og samhandling med utdannings - og forskingsinstitusjonar er nødvendig.

 

Tilgang til arbeidskraft er og vil vera heilt avgjerande for å gje gode tenester til innbyggjarane i åra som kjem. Det er utfordringar knytt til kapasitet for særskilt krevjande brukarar når det gjeld bustader med heildøgns bemanning eller sjukeheimsplassar. I dag vert dette løyst ved å kjøpte tenester frå private leverandørar. Vonleg vil satsinga på førebygging og tidleg innsats føra til at behovet ikkje aukar i tråd med befolkningsutviklinga.

 

Transport frå og til dagsentera, arbeidssenter, handle- og aktivitetstilbod er eit anna område som omsorgssjefen ser på som ei veksande utfordring. Behovet for tilpassa transport er stort og er utfordrande å møte på ein god og fleksibel måte.

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018