Note 1 - Rekneskapsprinsipp og forklaringar

Generelt

Fjell kommune fører sine rekneskap i høve til ”Forskrift om årsrekneskap og årsberetning (for kommunar og fylkeskommunar)”, fastsett av Kommunal- og arbeidsdepartementet 15.12.00 med heimel i lov av 25. september 1992 nr. 107 om kommunar og fylkeskommunar (kommuneloven) § 48 nr. 6.

 

Anordning/periodisering

Ved periodisering av inntekter og utgifter er anordningsprinsippet i ”Forskrift om årsrekneskap og årsberetning” av 15.12.2000 lagt til grunn. Anordningsprinsippet inneber at alle kjente utgifter, utbetalingar, inntekter og innbetalingar i året skal takast med i årsrekneskapen. Dette vil seia at vara må vera levert eller tenesta utført. Dette gjeld anten dei er betalte eller ikkje, når rekneskapen vert avslutta.

 

Med unntak av mindre renteinntekter for etableringslån, vert også renteutgifter og –inntekter førte etter anordningsprinsippet.  Dette inneber at påløpte, ikkje forfalte renter vert utgiftsførte mot at eit tilsvarande beløp vert avsett i balansen.

 

Bruttoprinsippet

Alle utgifter og inntekter vert budsjetterte og rekneskapsført brutto.  Det skal såleis ikkje gjerast frådrag for tilhøyrande inntekter til utgiftspostane, og heller ikkje inntektspostane skal framstå med frådrag for eventuelle utgiftspostar.

 

Tilskot til private

Etter budsjett- og rekneskapsføresegnene er det ikkje høve for kommunen til å ta opp lån for å finansiera tilskot til private.  Det er heller ikkje lovleg å nytta kapitalinntekter frå til dømes sal av eigedom eller kontantuttak frå verksemder (kraftlag o.a.) til å byggja private anlegg.  Kommunen kan ta opp lån til vidare utlån til private barnehagar og andre kommunale føremål.

 

Fjell kyrkjelege fellesråd

Kyrkja er frå 1997 skilt ut som eige selskap under leiing av soknerådet. Kommunen sine utgifter til Fjell kyrkjelege fellesråd er ført på teneste 3900 kyrkjeleg administrasjon. Samla driftstilskot til Fjell kyrkjelege fellesråd i 2018 er 14,7 mill. Kyrkja har elles ei samarbeidsavtale med kommunen som regulerer tenesteomfanget når det gjeld lønskøyring, rekneskapsføring, betalingsformidling, innkrevjing og rådgjeving, tekniske tenester og reinhald. Utgifter/inntekter knytt til rekneskap er ikkje ført eksplisitt i rekneskapen, men er stipulert til om lag kr 250.000 pr. år.

Vatn/avlaup/renovasjon

Desse tenestene er frå og med 2003 skild ut som eige aksjeselskap, FjellVAR AS.

Frå 1. oktober 2014 har FjellVAR AS også overtatt eigne tenester knytt til fakturering og innkrevjing.

 

Inventar og utstyr

Ved føring av inventar og utstyr er det lagt til grunn GKRS nr. 4 slik at berre beløp knytt til enkelt-prosjekt over kr. 100.000 er ført i investeringsrekneskapen. (GKRS: foreningen for god kommunal regnskapskikk)

 

Vedlikehald / nybygg

Ved føring av vedlikehald/ombygging/rehabilitering er ”Forskrift om årsrekneskap og årsberetning for kommunar og fylkeskommunar” av 15.12.2000 § 7, jfr. GKRS nr. 4, lagt til grunn. Det vil seia at vedlikehaldsutgifter er utgiftsførte i driftsrekneskapen, medan påkostingar er utgiftsførte i investeringsrekneskapen og aktivert i balansen. Kommunestyret har ved budsjettbehandlinga for 2017 lagt til grunn at påkostingar og nybygg skal førast i investeringsrekneskapen. Dette er følgd opp.

 

Disponering av årsoverskot

Rekneskapsmessig meirforbruk etter bruk og avsetnad til fond, sjå note 7, er på kr 41.454.213,96  Kommunestyret vedtek inndekning av meirforbruket.

 

Utlån og fordringar

Utlån og fordringar er gjennomgått og vurdert for tap. Kr. 4.063.396,43 er utgiftsført i driftsrekneskapen som tap på krav i 2018.

 

Avdrag på formidlingslån

I 2018 er det utgiftsført i investeringsrekneskapen 14,1 mill. i avdrag på formidlingslån.

 

Kostnadsførte avdrag på lån i driftsrekneskapen

Det er i 2018 betalt 47 mill i avdrag på lån i driftsrekneskapen. Avdraga er rekna etter minimumsmetoden skissert i boka ”Kommuneregnskapet” av Sunde. Dersom avskrivingar hadde vert lagt til grunn, ville avdraga i 2017 vore om lag 18,8 mill høgare. Avdraga betalt i 2018 er soleis ikkje i samsvar med kapitalslitet.

 

Ekstra vedlikehaldsmidlar 2018

Stortinget vedtok for åra 2016 og 2017 å setja av ekstra midlar til vedlikehald i kommunar på Sør- og Vestlandet for å redusera verknaden av nedgangen i olje- og gassektoren. Fjell kommune fekk 20,4 mill i vedlikehaldstilskot for 2017, som vart nytta i tråd med føresetnadene. Ein del av desse midlane vart sett av på fond til bruk i 2018.

 

Sal av tomteområde Vindenes

Tomteområdet på Vindenes er seld til Ågotnes Næringspark i 2014 men hovuddel av kjøpesummen vert først innbetalt etter kvart som kjøpar tek i bruk arealet, seinast i 2024. Kjøpesummen er i sin heilskap inntektsført i 2016 sjølv om faktisk innbetaling so langt berre er på 7 mill. Resten av kjøpesummen er renteberande fram til endeleg oppgjer har funne stad. Skuldig beløp på 75 mill er oppført i balansen som kortsiktig fordring sjølv om fordringa er langsiktig,  grunna at det i kommuneregnskapet ikkje er ein eigen balansepost for langsiktige fordringar, jfr. forskrift om rapportering frå kommunar og fylkeskommunar.

Etablering av ny kommune

Fjell, Sund og Øygarden kommune har i 2017 motteke eingongstilskot til etablering av ny kommune i 2020 på kr 35.900.000. Det er oppretta ei fellesnemnd som arbeider med samanslåing av kommunane Fjell, Sund og Øygarden. Det er Fjell kommune som står for rekneskapsføring av midlane til fellesnemnda.
Kr 32.699.005,22 er sett av på bundne fond til bruk i 2018 og 2019.

Det er i 2018 brukt om lag 11,4 mill av desse midlane slik at det står att 21,3 mill til bruk i 2019.

 

 

 

 

Note 2 - Endring i arbeidskapital

Note 3 - Pensjon

Oversikt over premieavvik og amortisering 2002 - 2018

Reglane for føring av pensjonskostnader vart endra frå rekneskapsåret 2002. Tidlegare vart faktisk pensjonspremie utgiftsført i rekneskapen, medan det etter dei nye reglane skal reknast ut ein netto pensjonskostnad ut frå kva som er normalpremie over tid. Netto pensjonskostnad er i større grad basert på meir stabile føresetnader om lønsvekst, avkastning på pensjonsmidlar, m.m. enn storleiken på årets premie. Argumentet er basert på at ein då vil få eit jamnare nivå på pensjonspremien.

Dei nye reglane fører til at det vil vera forskjell mellom den betalte pensjonspremien og netto pensjonskostnad som skal visast som ei utgift i rekneskapen. Denne forskjellen vert kalla premieavvik og dette avviket skal handterast slik at det berre er netto pensjonskostnad som vert belasta rekneskapen, medan premieavviket står oppført som ei kortsiktig gjeld/kortsiktig fordring i balansen.

Det er to alternative metodar å behandla premieavviket på. Den eine er å resultatføra avviket direkte året etter at det er oppstått. Den andre metoden er å føra 1/7 (1/15 frå 2002, 1/10 frå 2011 og med 1/7 frå 2014) av premieavviket frå år 1 til utgift i år 2 osv. I Fjell har vi vald den siste metoden. Dette kan sjåast som nedbetaling av «lån» – Totalt er det 114,5 mill som skal utgiftsførast i åra som kjem.

Amortisering er 1/15 , 1/10 og 1/7 av tidlegare års premieavvik. Tal i heile tusen

Premieavvik inkl. arbeidsgjevaravgift 2002 - 2018

(Tal i heile tusen)

Amortisert premieavvik inkl. arbeidsgjevaravgift 2002 - 2018

(Tal i heile tusen)

Netto premieavvik balanse 2002 - 2018

(Tal i heile tusen)

Tal i heile tusen

Tal i heile tusen

Note 4 - Garantiansvaret til kommunen per 31.12.2018

Note 5 - Fordringar og gjeld til kommunale føretak, bedrifter og samarbeid,  jfr. Kommuneloven §§ 11 og 27

Frå 01.10.2014 har FjellVAR A/S sjølv teke over fakturering og innkrevjing av gebyr for vatn, avlaup og renovasjon.

Note 6 - Aksjar og luter i varig eige

Kommunestyret gjorde den 22.02.2018 vedtak om kjøp av aksjar i Ågotnes Næringspark med kr 40.000.000. Dette tilsvarar 21,1 % av aksjane i selskapet.

Note 7 - Oversyn aksjeutbytte 2009 - 2018

Utbytte frå BKK på 10,1 mill er ført i driftsrekneskapen i 2018.

Note 8 - Fond

Til Disposisjonsfond:

Rekneskapsmessig meirforbruk i 2018 på kr 41.454.213,96 kan dekkast av disposisjonsfond. Fondet vil då utgjera
kr 70 611 160 den 31.12.2018.

 

Til Bundne driftsfond:

”Bruk” av bundne driftsfond er knytt til fleire prosjekt som er avsett i tidlegare år. Avsetjing til bundne driftsfond gjeld prosjekt hos sektorane som ikkje er avslutta i 2018. Ved utgangen av 2018 var fondet på kr 50 987 418.

Note 9 - Spesifikasjon av eigenkapital

Note 10 - Feiefond

Øygarden brann og redning IKS vart oppretta 01.01.2006 og har ansvar for feiing i Fjell, Sund og Øygarden kommunar.

 

Note 11 - Rapportering finans  31.12.2017

Reglane for rapportering er heimla i forskrift om finansforvaltning for kommunar og fylkeskommunar gjeldande frå 1 juli 2010 samt Fjell kommune sitt finans- og gjeldsreglement vedteke 15. juni 2017. Det er krav til både innhald og intervall i rapporteringa. Rapporteringa omfattar :

 

• Plassering og forvaltning av likvide midlar

• Forvaltning av langsiktige finansplasseringar

• Låneforvaltning

 

 

 

Plassering og forvaltning av likvide midlar:

 

Fjell kommune kan plassera sine likvide midlar i 4 hovudkategoriar: Bankinnskot, innlån i norske finansieringsselskap, sertifikat/pengemarknadsfond og obligasjonar/obligasjonsfond. Fjell kommune har i 2018 hatt sine likvide midlar plassert på bankkonto hos sin hovudbankforbindelse DNB. Renta og bankvilkår for innskott har endra seg vesentleg dei siste åra, men kommunen har fått ein god ny hovudbankavtale med tilfredstillande vilkår.  Kommunen fekk auka sin trekkrett til 200 mill. med ny hovudbankavtale. Kommunen har hatt ein gjennomsnittleg saldo på sin likviditet i 2018 på om lag 19 mill. som er ein klar nedgang frå 2017. Dette kjem av bruk av disposisjonsfond og underskott siste år.  Kommunen har til tider store utbetalingar samt vesentlege låneforpliktingar og er avhengig av god likviditet. Finansforskrifta og Fjell kommune sitt finans- og gjeldsreglement legg opp til at kommunen skal ha god likviditet, slik at kommunen er i stand til punktleg å kunne innfri  betalingspliktingane sine.

 

Forvaltning av langsiktige finansplasseringar:

 

Fjell kommune har i 2018 hatt plasseringar i anleggsobligasjonar, omløpsobligasjonar, obligasjonsfond og aksjar. Fjell kommune har hatt ei avkastning i kapitalfondet i 2018 på ca. 3,6 mill., noko som utgjer 1,43 %. Kapitalfondet var pr. 31.12.2018 på omlag 255,5 mill. Aksjeeksponeringa er på 5,1 % av porteføljen, som er noko nedgang frå 2017.

Risikoen i kapitalfondet er særs låg og for 2018 viste det seg at dette slo godt ut for fondet då ein fekk ein kraftig nedgang på børsane i verda frå september til desember. Det er særs krevjande å henta avkastning då rentenivået i verda er/har vore lågt. Vi har valt å vekta oss noko opp i aksjar då det har vore rom for å auka risikoen. Dette har vore ein bevisst strategi for å bevara formua på ein best mogleg måte. Fjell kommune har som målsetjing at ein skal oppnå tilfredstillande avkastning utan at kommunen tek vesentleg finansiell risiko. Forvaltning av kapitalfondet har i 2018 vore gjennomført i tråd med dette. Forvaltninga har vore utførd av

C WorldWide og DNB.

 

C WorldWide

Hos WorldWide fekk Fjell kommune samla sett ei avkastning for 2018 på 1,74 %. Den 3-årige NOK-swaprenta fall med 0,03%-poeng til ei rente på 1,63% ved utgangen av 3. tertial 2018. Tilsvarande statsrenter steig også med 0,03%-poeng til 1,28%. Risikopåslaga for norske bankar har stege i løpet av 3. tertial. For gode bankpapir med 3 års løpetid er kredittspreadane ut med ca. 20 punkt, noko som slår negativt ut i omlaupsporteføljen. Men med fallet i den 3-årige NOK-swaprenta og ein høgare løypande rente på investeringane i porteføljen, har dette gitt ein positiv avkastning i omløpsporteføljen i 3. tertial. Avkastninga i omløpsporteføljen vart på 0,25 % mot indeks på 0,47 %. Anleggsporteføljen har i 3. tertial gjeve ei avkastning på 1,12 %. Anleggsporteføljen har nå ei effektiv rente på 3,60 % med ei løpetid på 3,79 år. Anleggsporteføljen har forfall på ca. 8 millionar i 2019 som vil verta reinvestert, dersom rentene skulle gå markant opp kan ein allokera midlar frå omløpsporteføljen til anlegg. Totalt for året fekk omlaupsporteføljen ei avkastning på 1,24 % mot indeks på 0,55 %, mens anleggsporteføljen fekk ei avkastning for 2018 på 341 % mot indeks på 0,49 %.

 

I oktober tok aksjemarknaden i USA til å falla. Veksten i USA var framleis sterk, men svekka vekstutsikter internasjonalt i kombinasjon med ein over optimistisk sentralbanksjef som uttalte at rentetoppen var langt unna, bidrog til aksjemarknadsfallet. Handelskrigen mellom USA og Kina hadde eskalert gjennom sommaren og svekka økonomi i Kina leia til uro for lønnsemda til store amerikanske selskap. Det var inga overrasking at den auka proteksjonismen ville svekka innteninga, men først når ei rekke store amerikanske selskap justerte ned innteningsforventningane, reagerte investorar. Det vart no snakka om seinsykliske marknader og resesjonsfare i 2019. Finansmarknadene henta seg noko inn i november då det vart kjent at den amerikanske sentralbanksjefen hadde skifta meining og nå hevda at rentetoppen likevel var nær. Håpet om ei “våpenkvile" mellom USA og Kina vart også tent etter at Trump etter det kraftige aksjemarknadsfallet viste ny interesse for å få til ein avtale med Kina. Under G20-møtet i Argentina i byrjinga av desember møttest Donald Trump og Xi Jinping til ein arbeidsmiddag. Vel heime proklamerte både Trump og Xi at toppmøtet hadde vore ein «siger», men ikkje noko dokument vart presentert, og snart herska det full forvirring om kva dei to eigentleg hadde vorte einige om. Kinesarane stadfesta ikkje påstandane til Trump om at dei hadde akseptert å fjerna tollavgifta på amerikanske bilar, og heller ikkje at dei ville kjøpa store mengder jordbruksvarer frå USA. I frustrasjon angreip Trump kinesarane nokre dagar seinare og proklamerte at han var en «Tariff man». Dette utløyste nye aksjemarknadsfall.  Avkastning totalt for aksjar forvalta av WorldWide blei for 2018 på -7,57 % mot indeks på  -2,48 %.

 

DNB

 

Hos DNB fekk Fjell kommune samla sett ei avkastning for 2018 på 1,12%. Renteavkastninga har vore prega av ein svak renteoppgang i 2018. Obligasjonsfonda hadde ei samla avkastning på 1,35 %, 0,81 % betre enn referanseindeksane. Samla aksjeavkastning vart -2,61 i 2018. Risikoen i porteføljen er moderat og Fjell kommune har ein aksjedel på 5,45 %.

Fjell kommune har investert i DNB Obligasjon (III) som er eit obligasjonsfond som investerer i norske renteberande verdipapir denominert i norske kroner. Fondet investerer minst 90 % av fondet sin verdi i papir med ein kredittkvalitet på minimum BBB minus (Investment grade). Avkastninga i 2018 vart 1,27 % mot indeks på
0,83 %. Durasjonen for fondet var pr. årsskiftet på 2,29, kredittdurasjon på 3,71 og hadde ei effektiv rente på
2,25 %.

DNB FRN 20 Fondet er eit obligasjonsfond som hovudsakeleg investerer i renteberande verdipapir denominert i norske kroner. Gjennomsnittleg rentebindingsperiode på portefølgjen til fondet (fondets modifiserte durasjon) skal til ei kvar tid liggja under 12 månader. Fondet skal til ein kvar tid verte plassert i eigedeler med risikovekt maksimum 20 prosent (Jfr. Kapitaldekningsforskriften). Avkastninga i 2018 vart 1,55 % mot indeks på 0,84 %. Durasjonen for fondet var pr. årsskifte på 0,12, kredittdurasjon på 3,10 % og ein effektiv rente på 1,98 %.

DNB Global Marknad Valutasikret har ein passiv investeringsstrategi der investeringane i fondet skal etterlikna samansetjing av den globale aksjeindeks Morgan Stanley Capital International World Index. Investeringane til fondet er valutasikra i norske kroner. Fondet hadde ei avkastning i 2018 på -8,57 % mot indeks på -8,32 %.

DNB Norge Indeks har ein passiv investeringsstrategi som har til føremål å etterlikna hovudindeksen på Oslo Børs (OSEBX). Fondet fekk ei avkastning på -2,04 % mot indeks på -1,84 %.

DNB Teknologi er eit aksjefond som investerer i selskap innanfor sektorane teknologi, media og telecom. Forvaltar har stor fridom til å investera aktivt mot selskap der ein ser størst potensial for auke i verdiar. Fondet fikk ei avkastning for 2018 på 6,62 % mot referanseindeksen på 2,1 %.

Låneforvaltning

 

Fjell Kommune hadde ei lånegjeld pr. 31.12.2018 på kr. 2, 109 078 374 som er ein auke på 15,4 % frå same tid i 2017.

Låneopptak i år på kr. 111,930 mill. vart teke opp i februar til eit 6 mnd. sertifikatlån som vart rullert igjen i august til et nytt 6 mnd. sertifikat.  Fjell kommune hadde forfall av eit obligasjonslån i november mnd. på kr. 66 824 mill. og rullerte dette til eit 12 mnd. sertifikatlån og valde samstundes å betala ned lånet med årets avdrag. Fjell kommune har 5 lån til forfall i 2019 på totalt kr. 608 mill. som er omlag 29 % av porteføljen. Husbanklån i år vart teke opp med kr. 60 mill. i april og 20 mill. i oktober.

Gjeld utlån

Tal i heile tusen

Figuren under viser styringsrenta i prosent dei siste åra og anslag framover frå siste rentemøte som var 12 desember 2017 med vurdering av finansiell stabilitet.

I vurderinga av pengepolitikken legg hovudstyret vekt på at oppgangen i norsk økonomi ser ut til å halde fram. Det er blitt gradvis mindre ledige ressursar i økonomien, og kapasitetsutnyttinga ser ut til å nå nær eit normalt nivå. Den underliggjande prisveksten er nær inflasjonsmålet.

Dersom styringsrenta vert halden lenge på dagens nivå, kan prisar og løningar skyta fart og finansielle ubalansar byggja seg opp. Då aukar risikoen for eit kraftig tilbakeslag fram i tid. Vert renta sett raskt opp framover, vil det kunna bremsa den økonomiske oppgangen slik at arbeidsløysa aukar og prisveksten vert for låg. Utryggleik om verknadane av høgare renter talar for å gå varsamt fram i rentesetjinga.

Utsiktene og risikobiletet tilseier samla sett ein gradvis renteoppgang i åra framover. Prognosen for styringsrente er lite endra, men fallet i oljeprisen og svakare vekstutsikter internasjonalt talar for ein litt tregare renteoppgang enn i siste rapport. Inflasjonen er vurdert å halda seg nær målet i åra framover, samstundes som arbeidsløysa framleis er låg. Skulle dei økonomiske utsiktene endra seg, vil også prognosen for styringsrenta verta justert.

Hovudstyret vedtok å halda styringsrenta uendra på 0,75 prosent. Slik hovudstyret nå vurderer utsiktene og risikobiletet, vil styringsrenta mest sannsynleg bli sett opp i mars 2019.

 

 

Samansetning av passiva :

Fjell kommune har valt å binda delar av låneportefølja. Ved å ha ein del av låneportefølja i fastrente har ein redusert renterisikoen. Pr 31.12.2018 hadde Fjell kommune ei fastrente på ca. 33 % og er innanfor intervallet 025 %-0,75 % som kommunen etter finansreglementet skal liggja i. Neste fastrenteavtale går ut 19.05.2021. Fjell Kommune hadde ei snittrente pr. 31.12.18 på 2,9 %.

 

Rentebinding i portefølje

Rentebindingstid er tal på portefølja si gjennomsnittlege rentebindingstid. Talet viser kor lenge renta på obligasjonar, sertifikata, fastrente og lange lån er fast, kor det er teke omsyn til alle kontantstrøymar (rentebetalingar, avdrag og hovudstol). Gjennomsnittleg rentebinding er pr. årsskifte på 2,1 år og gjennomsnittleg løpetid på totalgjeld på 8,9 år.

 

Figuren syner forventa rente med dagen gjeldsportefølje dei neste 10 åra. Figuren er basert på marknaden sin prising av framtidig Nibor rente.

Historisk renteutvikling

Figuren over viser utviklinga i lånemarginen til norske kommunar utan offisiell raiting i sertifikat og obligasjonsmarknaden. Lånetid er frå 3 månader til 10 år.

Renterisiko framover

Usikkerheitsvifta syner utfallsrommet for rentekostnad. Referanserente Kommunalbanken sine vilkår med flytande rente.

Figuren over syner gjeldsutviklinga i høve til økonomiplan. Ny gjeld er framstilt som flytande.
Tal i millionar NOK.

Motpartrisiko

Fjell kommune ser det som formålsteneleg å fordela låna på fleire långjevarar. Figuren over syner kor kommunen har lånt pengar. Største enkeltlån er 14,2% av totalgjeld.

Stresstest Fjell Kommune pr. 31.12.2018.

 

Stresstesten under tek utgangspunkt i dei plasseringar og gjeld som Fjell kommune har pr. 31.12.2018 og kva det kan gje av eit potensielt tap i løpet av ein 12 månaders periode. Det er teke omsyn til kor mykje av kommunen sin renterisiko som på kort sikt kan førast over til andre gjennom eventuelle rentekompensasjons- / renterefusjons-ordningar.

 

Stresstesten er ein test i høve til det rekneskapsmessige resultatet. Sett opp mot kommunale rekneskapsprinsipp (der finansielle omlaupsmidlar skal vurderast til marknadsverdi, mens gjeldssida skal vurderast til pålydande), betyr dette at aktiva med rentedurasjon får eit verdifall ved stigning i marknadsrenta, mens gjeld med fast rente ikkje får nokon tilsvarande (regnskapsmessig) verdiauke.

Stresstestscenarioet viser eit mogleg tap på underkant av 33 mill. på kommunen sin samla finansforvaltning pr. 31.12.2018. Dette er ei auke på ca. 6 mill. frå same periode 2017. Dette kjem av høgare gjeld som er teke opp som flytande samt lågare likviditet. Tapspotensialet er klart innafor dei rammene som Fjell kommune har høve til å operera i. Stresstesten viste ved innføring av finansreglement eit mogleg tap på 64,8 mill. Det er ikkje teke vesentlig finansiell risiko, slik at kommunen kan handtera eit slikt tap utan at det går utover den ordinære tenesteproduksjonen.

 

 

Note 12 - Bevegelsar på kapitalkontoen

Kapitalkontoen er ein heilt særskilt konto som vert brukt i kommunalt rekneskap (finansielt orientert rekneskap).  Bakgrunnen er at ein i bevilgningsrekneskapen skal føra ”tilgang og bruk av midlar”, inkludert transaksjonar som ikkje reelt skal påverka eigenkapitalen, dvs transaksjonar knytt til auke og reduksjon av anleggsmidlar og langsiktig gjeld. For å utlikna verknader på eigenkapitalen som ikkje er ”reelle” nyttar ein kapitalkontoen.

Note 13 - Langsiktig gjeld

Note 14 - Kortsiktig gjeld

Note 15 - anleggsmidlar

Note 16-Oversyn over investeringsprosjekt    -    Skjema 2

Note 17-Gebyrrekneskap

Note 18 - Ytingar til leiande personar m.v.

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018