NAV Fjell-sjef Nina-Susanne Andersen

Tenestene hjå NAV Fjell

NAV Fjell er tufta på eit likeverdig partnarskap mellom Fjell kommune og Arbeid og velferdsetaten i Hordaland og skal yta både statlege og kommunale velferdstenester.

 

NAV Fjell har ei bemanning på 50 tilsette der 19 er tilsette i den kommunale linja og 31 er statleg  tilsette.

 

NAV Fjell har ansvar for følgjande kommunale tenester:

 

  • Økonomisk sosialhjelp
  • Mellombels husvære
  • Generell rådgjeving  og rettleiing
  • Aktivitetsplikt for mottakarar av sosialhjelp under 30 år
  • Kvalifiseringsprogram
  • Aktivitetstilbodet «Muligheten»
  • Individuell plan
  • Gjeldsrådsgjeving.

 

NAV Fjell har følgjande lokale mål:

 

  • Vi gjev brukarane høve til meiningsfylt arbeid eller aktivitet tilpassa behova deira
  • Vi er ein aktiv samarbeidspartnar for næringslivet med tanke på rekruttering og formidling av arbeidskraft med rett kompetanse
  • Vi er ein arena for  trivsel og meistring for brukarar og tilsette.

 

 

Året som har gått

Situasjonen på arbeidsmarknaden betra seg frå 2017  og gjennom heile 2018. Talet på heilt ledige var ved utgangen av desember på 447 personar. Dette utgjer 3.3% av arbeidsstyrken mot 3,7% på same tid i fjor. Arbeidsløysa var i desember  størst innan industriarbeid (120), butikk- og salsarbeid (71), bygg & anlegg (69), tett fylgt av reiseliv (68).

 

Stillingstilgangen hadde også ein auke i løpet av året. I fylket var det 16% fleire stillingar meldt inn til NAV enn på same tid i fjor. Denne auken heng mellom anna saman med samarbeidet mellom NAV og Finn.no og Amedia, forutan betre tenester frå NAV.

 

Langtidsledige med dagpengerettar har vore ei prioritert gruppe for oppfølging. Pr desember 2018 var 146 personar langtidsledige, dette er ein reduksjon på 23% frå same tid i fjor.

 

Utvikling i talet på sosialhjelpsmottakarar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det har vore ein stor auke i utbetalingar av sosial hjelp dei siste tre åra. Talet på sosialklientar har stige. Innstraminga i regelverket for arbeidsavklaringspengar er utfordrande. Talet på personar som mottek denne ytinga går ned, medan endringa har ført til ein auke i talet på personar som søker sosialhjelp.

 

Talet på alvorlege gjeldssaker stig. I 2017 var det 55 saker mens det i 2018 var oppe i 73 saker. Tendensen er at mange kreditorar ikkje går med på frivillige gjeldsordningar. NAV gjer råd og rettleiing i saka og gjer vurderingar knytt til om saka skal sendast til namsfogden for gjeldsordning.

 

I 2018 blei 44 flyktningar registrert som arbeidsledige etter å ha gjennomført introduksjons-programmet.  For denne gruppa er svake språkferdigheiter i norsk ei stor utfordring med tanke på å komma i arbeid. Samstundes har mange låg eller inga utdanning frå heimlandet. Oppfølging av denne gruppa er krevjande, og det er behov for å vera tett på for at dei skal gjera seg nytte av NAV sine arbeidsretta verkemiddel og sikra sjølvforsørging.

 

Fjell har eit høgt tal sosialhjelpsmottakarar i aldersgruppa 18-24 samanlikna med andre kommunar i Hordaland. Dette er ein levekårsutfordring i vår kommune. Ungt utanforskap er ein av dei største samfunnsutfordringane våre.

Tidleg innsats for unge under 30 blei vidareført i 2018. Målet  med innsatsen er å motivera unge til å søkja arbeid og raskt komma over i arbeid, utdanning eller annan føremålstenleg aktivitet og at færre i denne gruppa skal ta imot helserelaterte ytingar.

 

Ungdomsinnsatsen er blitt forsterka i 2018 ved at det er sett inn ressursar til to jobbspesialistar som nyttar metoden Supported Employment (SE) i arbeidet sitt. Dette er ein evidensbasert metode som har bidrege til at fleire unge raskare har fått arbeid.

 

Aktivitetstilbodet «Muligheten» var også i 2018 ein viktig arena for å møta ungdommen. Tilbodet gjeld for all ungdom under 30 år med aktivitetsplikt og behov for aktivitet for å koma arbeid.

Innhaldet på «Muligheten» er tydeleg arbeidsretta fokus samstundes som det er tilrettelagt for dei som står lengre frå arbeid p.g.a. helsemessige eller sosiale årsaker. Arbeidsretta aktivitet er individuell oppfølging ved jobbsøk, intervjutrening m.m.

 

I 2018 hadde ca. 60 % av deltakarane overgang til arbeid og aktivitet.

 

Erfaring frå arbeidet med utsett ungdom viser at mange av dei unge har store helsemessige utfordringar. Det blir rapportert om mykje skjult rus, spesielt bruk av hasj . Vi ser at mange ungdommar har lita støtte og motivering frå familiane sine. Dette er ofte born av foreldre som sjølv har sosiale utfordringar.

 

 

Arbeidsmiljø

I NAV Fjell har vi følgjande HMT-mål: «alle tilsette gler seg til å gå på jobb kvar dag for å gje menneske moglegheiter».
Det betyr av vi jobbar med  å styrka og utvikla eit helsefremjande arbeidsmiljø, prega av nærvær, toleranse og mangfald. Det blir lagt stor vekt på medverknad og at tilsette deltar i avgjerder om eigen situasjon.  Tenestene i NAV Fjell er heilskaplege og integrerte med brukar i sentrum. Det er fokus på å ha en forbetringskultur – litt betre kvar  dag.

 

Tilsette i NAV Fjell  står heile tida i omstilling og endringsprosessar.

NAV er i endring  og dette skal leia  mot eit mål: Fleire i arbeid.

Endringane set krav  til organisasjonen og den einskilde både når det gjeld kompetanse og arbeidsmetodikk. Med nye digitale løysningar er brukaren tett på og set større krav til den oppfølginga som NAV gjev. Tilsette i NAV Fjell må utvikla digital kompetanse,  arbeidsmarknadskompetanse, rettleiingskompetanse og inkluderingskompetanse for å møta desse krava.

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Viktige utviklingsmål i 2019:

 

  • Forsterka kontakten med arbeidsgjevarar for å få fleire i arbeid
  • Inkluderingsdugnaden  - jobba for ein auke i overgang til arbeid for utsette grupper
    (ungdom, flyktningar og personar med nedsett arbeidsevne)
  • Digitalisering – sikra at tilsette og brukarar tar i bruk dei nye løysingane/tenestene.

 

 Hovudkonklusjonar i  NAV sin omverdsanalyse publisert i 2019/ utfordringar for NAV sitt arbeid:

  • Raskare skifte i arbeidslivet/ høg omstillingstakt
  • Levekår: Unge vaksne og innvandrarar er mest utsette for låginntekt
  • Velferdsstaten vert utfordra: Fleire må stå i arbeid lengre – talet på eldre stig.

 

NAV sin prognose for 2019 viser ein auke i sysselsetjinga mellom anna grunna oljeinvesteringar, og  framleis nedgang i arbeidsløysa . I Region Vest ( Fjell, Sund og Øygarden) gir prognosen ein auke i sysselsettinga på 0,9%. I  heile Vestland reknar ein med ein nedgang i arbeidsledigheita på 10%. Mangel på arbeidskraft vil i tida framover vera høg for ein del grupper, så som sjukepleiarar , systemanalytikarar og programutviklarar.

 

 

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018