Kommunen har som arbeidsgjevar plikt til å gjera greie for likestilling i verksemda. I medhald av likestillingslova §1a første og tredje ledd pliktar kommunen å arbeida målretta og planmessig for likestilling. Det skal i tillegg gjerast greie for planlagde og gjennomførte tiltak i verksemda.

 

Statistisk sentralbyrå (SSB) har sidan 1999 publisert ein indeks for likestilling mellom kvinner og menn i kommunane. Frå og med 2012 vart det ikkje lengre publisert eitt samla mål for kommunane, men likskap mellom kjønn vart i staden framstilt og målt gjennom tolv relevante og viktige indikatorar. For kvar indikator får kommunane ein poengskår som kan variera frå 0 til 1, der 0 indikerer maksimal skilnad/ulikskap mellom kjønna, og 1 indikerer full likestilling. Utgangspunktet for poengskåren er at liten skilnad mellom kvinner og menn er å tolka som likestilling, medan stor skilnad tyder at kjønna er mindre likestilte.

 

Siste publiserte tal for likestilling frå SSB kom 21. desember 2018 og gir ein indikasjon på likestillinga i landet sine kommunar og fylke i 2017. Korleis Fjell plasserer seg på likestillingsindikatorane og endringar i desse, er framstilt i figuren under.

Likestilling, deltid, løn og sjukefråvær

Kjelde: SSB

Fjell kommune skårar høgast på «tilhøvet mellom kvinner og menn i arbeidsstyrken», som seier noko om menn og kvinner si tilknyting til arbeidslivet. Indikatoren viser at det er 93 prosent kvinner mellom 20 og 66 år i arbeidsstyrken i høve menn. Dette er den indikatoren som har vore mest stabil dei siste åra. Indikatoren «prosentdel barn 1-5 år i barnehage» der Fjell også skårar høgt, har gått noko ned dei siste åra, frå 92 prosent i 2011 til 88 prosent i 2017. På same tid har prosentdelen barn 1-5 år i barnehage auka med eitt prosentpoeng på landsbasis, og i 2017 hadde 91 prosent av barna i Noreg tilbod om barnehageplass.

 

Dersom ein ser på dei indikatorane med høge variasjonar frå år til år, er det særleg «prosentdelen fedrar som tek heile fedrekvoten eller meir av foreldrepengeperioden», «kjønnsfordeling blant leiarar», og «tilhøve mellom kvinner og menn med høgare utdanning» og som peikar seg ut. I førstnemnde har det vore ei auke frå 66 prosent fedrar som tok ut heile fedrekvoten eller meir i 2011, til 74 prosent i 2017. Prosentdelen har gått noko ned sidan toppåret i 2015, då 78 prosent av fedrane tok ut heile fedrekvota eller meir. Når det gjeld kjønnsfordeling blant leiarar har denne auka frå 0,6 i 2011 til 0,67 i 2017. Tilhøve mellom kvinner og menn med høgare utdanning peikar seg ut ved at det her har vorte meir ulikskap, og indikatoren har gått ned frå 0,76 i 2011 til 0,7 i 2017. Det vil seie at det har blitt stadig fleire kvinner enn menn som tar høgare utdanning. Denne tendensen ser ein igjen i heile landet, men ulikskapen for denne indikatoren er ein del større i Fjell kommune enn i landet elles, der skåren for indikatoren er 0,79.

 

Indikatoren «tilhøve mellom menn og kvinner i deltidsarbeid» har lågast skår, noko som òg er tilfelle for same indikator på nasjonalt og regionalt nivå. Det er mest likestilling om like mange menn som kvinner jobbar deltid. Medan 24 prosent av menn i Fjell arbeida deltid i høve kvinner i 2017 viser indikatoren for heile Noreg 32 prosent.

Sysselsetting

Kjelde: PAI-statistikkpakke, KS (2010-2018). Tal pr. 01.12.

Ved utgangen av 2018 var det totalt 1949 tilsette i den kommunale verksemda. Av desse utgjer 83 prosent kvinner og 17 prosent menn. Tilhøvet mellom kvinner og menn har vore relativt stabilt over tid. Talet på tilsette har auka med 1,8 prosent frå 2017 til 2018, noko som utgjer 35 tilsette. Talet på årsverk har i same periode auka med 2,3 prosent.

Sidan 2010 har talet på tilsette i den kommunale verksemda auka med 400 personar, og det er særleg åra mellom 2010-2011 og 2015-2016 som har hatt høgaste auken i tilsette med høvesvis 7,7 og 6,2 prosent.

 

*Tabellen viser stillingsstorleik pr. tilsett. Person med to stillingar på høvesvis 20% og 50% vert plassert i stillingsbrøk 50-74,9 %. Kjelde: PAI-statistikkpakke, KS 2018. Tal pr. 01.12.2018

Figur 3 viser stillingsstorleik per tilsett dei siste tre åra, fordelt på kjønn. Figuren viser at prosentdelen tilsette med 100 prosent stilling har auka dei siste åra, frå 49,8 prosent i 2016 til 54,7 prosent i 2018. Endringa har vore størst blant kvinner, dei auken har vore på seks prosentpoeng, eller 123 tilsette. Tilsvarande har det vore ein reduksjon i prosentdelen tilsette som er tilsett i 25-49,9 % og 50-74,9 %. I begge desse gruppene har det vore ein reduksjon på to prosentpoeng. Også her har endringa vore størst blant kvinner.

Tabell 1: Prosent av kvinner og menn i ulike sektorar i Fjell kommune. Berre hovudstillingar.

Kjelde: PAI-statistikkpakke, KS 2018. tal per 1.12.2018.

Sjølv om prosentdelen menn i den kommunale verksemda aukar, viser tabell 1 at menn er underrepresentert. Det er dei tre sektorane kultur (41 prosent), skuleadministrasjon (40 prosent) og  sentraladministrasjonen (38 prosent) som har den høgaste prosentdelen menn. I den andre enden av skalaen er det berre to prosent menn som er tilsett i SFO, og fem prosent menn i høvesvis somatisk sjukeheim og heimehjelp/-sjukepleie.

Tabell 2: Tilsette etter kapittel, arbeidstakargruppe, tal stillingar, tal årsverk (både kvinner og menn).

Kjelde: PAI-statistikkpakke

Tabell 2 viser talet på stillingar og årsverk i høve til dei respektive kapitla i hovudtariffavtalen (HTA). I 2018 var det 249 årsverk som vart utført av ufaglært arbeidskraft, fordelt på 482 stillingar. Dette er ei auke på seks årsverk frå 2017. Når det gjeld alle stillingar i kommunen er mindre enn 15 prosent av dei tilsette menn. På leiarnivå er 35 prosent av leiarane i kapittel 3 i HTA menn, 19 prosent av leiarane i kapittel 4, og 36 prosent av leiarane i kapittel 5.

Løn

I tabell 3 og 4 ser ein tala for lønsutvikling og lønstilhøve for tilsette i den kommunale verksemda. I gjennomsnitt er månadsfortenesta per tilsett 41 950 kr for 2018. Samanlikna med året før har det vore ein auke på 1,9 prosent, kor kvinner har hatt den største auken på 2,1 prosent og menn 1,8 prosent. Ser ein berre på endringa i grunnløna mellom kvinner og menn, har kvinner hatt 0,9 prosentpoeng høgare auke enn menn.

3: Lønsutvikling for fast- og timeløna hovud- og bistillingar i Fjell kommune

Tal pr 1.12.2017 og 1.12.2018 basert på PAI-registeret til KS

Menn har eit høgare nivå på månadsfortenesta og grunnløna enn kvinner. Medan menn har 44 496 kr i månadsforteneste, har kvinner 41 405 kr. Justert for variablane «stillingskode» og «tilsettgruppe»

I tabell 4 ser ein at for 2018 er det snakk om svært små skilnader. I høve til forklaringa til KS  til berekna lønsskilnad er det desse variablane som best uttrykkjer skilnad mellom kvinner og menn. Grunnen er at dei justerte tala tek omsyn til den skilnaden som eventuelt måtte skuldast ulikskap i kvinner og menn sine yrkes- og sektorval. Tala uttrykkjer kva løn kvinner ville hatt i prosentdel av menn si løn dersom kvinner og menn hadde hatt same årsverksfordeling innanfor kvar av variablane det er justert for. Størst ulikskap finn vi på variabelen løn justert for alder og løn i høve tileigna utdanning.

 

Samanlikna med landet elles har kvinner tilsett i Fjell kommune noko høgare grunnløn i prosent av menn justert for stillingsgruppe og –kode. I Noreg er grunnløna til kvinner på 98,8 prosent, justert for både stillingsgruppe og –kode.

 

Tabell 4: Lønstilhøve justert for ulike faktorar, Fjell kommune

Kjelde: PAI-statistikkpakke

Sjukefråvær

KS si berekning av sjukefråvær omfattar berre dei personane som har vore tilsette i faste stillingar i heile rapporteringsperioden på 12 månadar. Dvs. at alle timelønte, vikarar, tilsette i korttidsengasjement og personar i bistillingar er tekne ut frå det talmaterialet som statistikken byggjer på. Vidare er prosentberekninga utført med referanse til kor mange moglege arbeidsdagar ulike grupper tilsette har.  For undervisningspersonell til dømes, nyttar KS 196 dagar. Sjukefråværet til alle andre er berekna på grunnlag av 235 moglege arbeidsdagar.

Tabell 5: Sjukefråversprosen for perioden 4. kvartal 2017 - 3. kvartal 2018Tabell

Kjelde: PAI/KS

Tabell 5 viser at det samla sjukefråværet for 2018 blant fast tilsette var 10,8 prosent. Samanlikna med tal frå 2017 har sjukefråveret gått noko ned innanfor helse/pleie/omsorg og samferdsel og teknikk, medan sjukefråveret innanfor dei andre kommunale sektorane har auka. Anna-kategorien har hatt den største auken i sjukefråver, og har auka med 4,46 prosentpoeng frå 2017 til 2018.

 

Figur 4 viser at det har vore auke i sjukefråveret både blant kvinner og menn, og i alle aldersgrupper, samanlikna med året før.

Kjelde: PAI-statistikkpakke

Sjukefråveret i Fjell kommune er noko høgare enn snittet for resten av landet, der sjukefråveret i 2018 var på 9,7 prosent. Det er særskild innanfor barnehagesektoren og samferdsel og teknikk sjukefråveret i Fjell skil seg frå resten av Noreg. Innan desse sektorane er sjukefråveret i Fjell høvesvis 3,6 og 3,2 prosentpoeng høgare enn snittet i Noreg. Innan administrasjon er derimot sjukefråveret i Fjell kommune 1,2 prosentpoeng lågare enn snittet for resten av landet.

 

 

Kjønnsdelt statistikk – personalpolitiske satsingar

 

Kommunen har plikt til å undersøkja om viktige personalpolitiske satsingar slår ut ulikt for menn og kvinner. Dette gjeld m.a. seniorpolitiske tiltak, vidareutdanning og anna kompetanseheving. Dette har vi førebels ikkje noko system for.

 

 

Handlingsplan for likestilling og mot diskriminering

 

Fjell kommune har ingen gjeldande handlingsplan for likestilling og mot diskriminering. Frå og med 2013 har heller likestillings- og diskrimineringsutvalet i dialog med personalsjefen, valt å prioritera inn mål og tiltak om likestillings- og mangfaldsarbeid som eige punkt under personalsjefen sitt kapittel.

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018