Overordna mål:

 

Fjell kommune skal støtta opp under og vidareutvikla eit attraktivt og kvalitativt kulturtilbod, med utgangspunkt i vår historie og eigenart, og med fokus på barn, unge, mangfald og folkehelse.

 

Kultursjefen har ansvar for utviklinga og drift av eit framtidsretta kulturfelt -
i kommunen og regionalt, oppfølging av kulturplan, kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet, kulturstiftingar, kulturarenaer, reiseliv, kulturminne og kulturmiljø, og for ein god dialog med lag og organisasjonar i kommunen.

Kultursjef Lennart Fjell

Tenestene hjå Kultursjefen

 

 

 

 

Året som har gått

 

Fjell bygdebok

Arbeidet med band 7 held fram. Planlagt utgjeving vår 2020

 

Fjell folkeboksamling

  • Det har også i 2018 vore høgt aktivitetsnivå i høve arrangement i biblioteket, med fleire større arrangement.
  • Gjennomføring av radiobrikking av alt materiale i biblioteket. RFID-merkinga gjer utlån av materiale meir effektivt, og gjer det mogleg å leggja til rette for meirope bibliotek, dvs. at biblioteket er ope for innbyggarane også utanfor vanleg opningstid.
  • Godt samarbeid med dei andre biblioteka i regionen gjennom partnarskapsavtale og felles tiltak som nettside, Facebookside, leseaksjonar og kompetanseutviklingstiltak.
  • Talet på besøk har halde seg stabilt på rundt  100 000 i løpet av året. Utlånet er omlag på same nivå som i 2017. Tal?
  • Samarbeidspartar i og utanfor kommunen har auka i tal i 2018.
  • Nytilsett litteraturvitar har tilført biblioteket auka litterær kompetanse.
  • Auka fokus på, og kompetanseutvikling innan  formidlinga av samlinga. Dette gjeld formidling i biblioteklokalet;  i ein-til-ein samtalar og i formidling til grupper, og fysisk formidling gjennom utstillingar. I tillegg har vi hatt auka fokus på formidling på nett, gjennom Facebooksida til Biblioteka i vest, Instagramsider og nettsida.
  • Planlegging av nytt bibliotek er sett i gong.

 

Friluftsliv

  • Friluftslivsforum etablert (interkommunalt)
  • Arbeid med Kystpass for Nye Øygarden kommune igangsett (interkommunalt)
  • Turløypesatsinga på Fjell festning er i sluttfasen.

 

 

Internasjonalt samarbeid

  • Ordførar, varaordførar og ungdomsrepresentant for MOT vitja i oktober kommunen Marl i Tyskland under VolksParkFest, og ungdomsnettverket Bonds Beyond Borders.
  • Ordførar og kultursjef vitja venskapsbyen Krosno i Polen under deira årlege Carpathian Climates Festival i august.

 

Idrett

  • Aktiv kommune (aktivivest) vart i 2018 formalisert gjennom ein prosjektorganisasjon med samarbeidsavtalar mellom dei fire kommunane Fjell, Bergen, Ålesund og Stavanger. Målet ved å selja løysinga inn til 10 kommunar i løpet av 2018 vart nådd, og KS er i dialog med organisasjonen for å sjå på samarbeid.
  • Etablert bruksregistrering (teljar) i idrettshallane
  • Start av utstyrsregistrering og handtering av dette
  • Faste møtepunkt med Fjell idrettsråd
  • Faste brukarmøte med idrettslag i Fjell
  • Arbeid opp mot spelemiddelsøknadar
  • Rullering av spelemiddelsøknadane gjennomført
  • Barnefattigdomsprosjektet Aktiv Fritid Saman vart tildelt 640 000 kroner i støtte.

 

 

Reiseliv

  • Prosjektet 0-meter over havet ferdigstilte ein overnattingsmodul som blei plassert på området til Bergen- og Omland friluftsråd (BOF) på Duøyna. Prosjektet skal avsluttast frå kommunen si side innan juni 2019.
  • Fjell festning (Museum vest/Stiftinga Fjell festning) har hatt rekord i tal på besøk i 2018, og er det best vitja museet i region vest. Fjell kommune har hatt ein god dialog og samarbeida godt med både stiftinga og museet i 2018.

 

Ungdom

MOT i Fjell:

  • Felles skolering av ung MOTivatorar i Fjell, Sund og Øygarden
  • Tilsett fleire MOT coachar i 2018
  • Ny MOT-koordinator på plass
  • Arbeid med MOT festivest for 2019
  • Arbeid med å få på plass MOT-kveld på FriHuset i 2019
  • Interimstyre utarbeider MOT i nye Øygarden kommune
  • Gjennomført MOT-skuleprogram på Fjell og Tranevågen ungdomsskular
  • Tilsett to unge MOTivatorar over 18 for å ha MOTkveldane i FriHuset på Ågotnes.

 

Fritidsklubbane i Fjell:

  • Straumeklubben har ope to dagar i veka med juniorklubb på onsdagane og ungdomsklubb på fredagane. Tal på besøkande er stabilt høgt.
  • Arbeid med å oppretta ny ungdomsklubb i det gamle helsestasjonslokalet på Ågotnes, FriHuset.
  • BUA under arbeid, opning tidlig 2019.

 

Kulturstab

  • Faste møtepunkt med kultur og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune
  • Medlem i Norsk kulturforum
  • Styremedlem i Basecamp
  • Styremedlem i samvirket Gjerdet kulturminnegard
  • Styremedlem i Aktiv kommune
  • Medlem i Arbeidsgruppa for identitet og lokaldemokrati (kommunesamanslåing)
  • Arbeid opp mot kommunesamanslåinga.

 

Arrangement, seminar og konferansar

  • Kultur- og idrettsgalla på Bakscenen
  • Sommaraktivitetar for ungdom
  • Felles MOT-møte for Fjell, Sund og Øygarden
  • Møbelringen Cup
  • Gjensidige Cup
  • Seminar på Høybøen for alle fylkeskommunane og Riksantikvaren i Bevaringsprogram for arkeologiske kulturminne (BARK)
  • Friluftsforum, Idrettsforum og Kulturforum etablert i regi av IKKUS.

 

 

 

Arbeidsmiljø:

  • Høgt arbeidspress i avdelinga, særleg knytt opp mot arbeid med kommunesamanslåinga.
  • Nytt verneombod på plass i avdelinga.
  • Eigen prosess gjennom heile året med fokus på arbeidsmiljø, samarbeid og strategi.
  • I 2017 tilsette avdelinga ein person med flyktningbakgrunn for ein periode på 2 år. Den tilsette arbeider med videoproduksjon og redigering og er ein etablert og ettertrakta ressurs.

 

 

Utfordringar i tida som kjem:

  • Etablering av Frivillighuset på Ågotnes vinteren 2019
  • Fullføring av barnefattigdomsprosjektet Aktiv Fritid Saman i løpet av 2019
  • Ferdigstilling av ny kulturminneplan vår 2019
  • Vidare utvikling av Aktivivest.
  • Arbeid med siste band i Fjell bygdebok
  • Arbeid knytt til kommunesamanslåing
  • Vidare prosess med Gjerdet kulturminnegard
  • Fjell festning og vidare prosess
  • Varierte og gode nok tilbod for born, ungdom og unge. Aldersgruppa over 18 har behov for fleire tilbod.
  • Fleire ressursar opp mot rådgjeving for kulturnæring, søknadsskriving og liknande.
  • Stillingsressursar i den nye kommunen. Få tilsette og høgt arbeidspress gjer oss sårbare i høve sjukmeldingar og fråvær.

 

 

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018