Kommuneøkonomien

1.1. Den økonomiske utviklinga

Sum driftsinntekter ekskl. finans i 2018 var på om lag 1,78 mrd og driftsutgifter ekskl. finans var på 1,84 mrd. Brutto driftsresultat i 2018 vart negativt med om lag 55,6 mill, medan budsjettert brutto driftsresultat var på minus 6,1 mill. Netto driftsresultat vart også negativt med 60,7 mill, medan det reviderte budsjettet var på minus 9,7 mill.

Rekneskapstala over inkluderer ekstraordinære inntekter med 35,2 mill knytt til fellesnemnda sitt arbeid med kommunesamanslåing. Vidare er 20,4 mill knytt til ekstraordinært vedlikehaldstilskot inkludert i rekneskapstala på inntektssida. Nettoverknaden av desse tiltaka er høvesvis på 32,7 mill og 13,5 mill og er inkludert i både brutto og netto driftsresultat.

 

Rekneskapstala over inkluderer utgifter til etablering av ny kommune og tiltakspakke med høvesvis 11,5 mill og 13,1 mill. Desse utgiftene er ikkje knytt til vanleg drift av Fjell kommune og må difor korrigerast. Dersom ein korrigerer for desse utgiftene vert brutto driftsresultat negativt med 31,1 mill medan netto driftsresultat vert negativ med 36,2 mill.

 

Netto korrigert driftsresultat i 2017 var på minus 14,9 mill og svekkinga frå 2017 til 2018 utgjer dermed 21,3 mill.

 

Det er dei korrigerte tala som vil verte nytta i alle rekneskapsanalyser og samanlikningar for 2018.

 

Utbytte frå BKK var på 10,1 mill i 2018 og er ført i driftsrekneskapen.

Avdrag er i 2018 betalt etter minimumsmetoden med 47 mill, noko som utgjer om lag 2,6 % av driftsinntektene. Avdraga burde utgjere minimum 3,5 % av driftsinntektene og vore om lag 15 til 20 mill høgare. Avdraga er auka med 2,8 mill frå 2017 til 2018.

 

Ut frå ei vurdering om sunn økonomisk drift, bør Fjell kommune i eit vanleg år ha eit netto positivt driftsresultat på om lag 1,75 % av driftsinntektene, noko som i 2018 ville ha utgjort om lag 31,2 mill i korrigert netto positivt driftsresultat . Resultatet for 2018 på minus 36,1 mill er soleis 67,4 mill lågare enn tilrådd nivå.

Det var budsjettert med lønsavsetjing i 2018 på 14,2 mill. Verknad av lønsoppgjeret i 2018 vart på om lag same beløp.

1.2. Skatt og rammetilskot (frie inntekter)

Inntektssystemet er slik at staten fastset eit samla budsjettmål for skatt og rammetilskot (dei frie inntektene). Dersom skatteveksten vert større enn gjennomsnitt for landet, vert det inntektsutjamnande tilskotet redusert. Dette skjer fortløpande gjennom året, og siste avrekning vert gjort i februar året etter sjølve inntektsåret.

Skatt og ramme vart om lag 4,4 mill høgare enn budsjettert for 2018.

Skatt i prosent av landsgjennomsnittet utgjorde 94 % i 2017 og 94,2 % i 2018. I 2014 var dette talet på 101,7 %, altså eit fall på 7,5 prosentpoeng frå 2014 til 2018. Dersom ein ligg under landsgjennomsnittet vil ein få tilført midlar gjennom inntektsutjamning mens ein må avgi midlar dersom ein ligg over landsgjennomsnittet. Når ein ligg under landsgjennomsnittet vil ein ikkje fullt få kompensert for skattetapet.

 

Rammetilskot auka med om lag 18 mill frå 2017 til 2018.

 

Veksten i dei frie inntektene frå 2017 til 2018 var på 4,4 %, medan veksten frå 2016 til 2017 var på 3,3 %.

 

 

 

1.3. Økonomiske nøkkeltal 2008-2017

I det følgjande er det presentert økonomiske nøkkeltal for Fjell Kommune:

 

Brutto driftsinntekter auka med 72,5 mill frå 2017 til 2018, dvs. 4,2 %. Dei siste 5 åra har driftsinntektene auka med 456,1 mill. Frå og med 2011 har ein større del av driftsinntektene komme som rammeoverføring. I rammeoverføringa ligg mellom anna fullfinansiering av private barnehagar som vart gjort gjeldande frå og med 2011 i kommunal regi.

Langsiktig gjeld pr. innbyggjar er auka i høve til 2017 med kr 9 540 pr. innbyggjar.

 

Driftsutgifter pr. innbyggar 2009 - 2018

(Tal i heile tusen)

Gjennomsnittleg nedbetalingstid for gjeld har auka frå 41,4 år til 44,9 år frå 2017 til 2018.

 

Brutto driftsutgifter auka med 97,9 mill, eller 5,7 % i høve til 2017. Veksten i utgiftene skuldast mellom anna lønsoppgjer samt auke i tiltak dekt av statlege midlar.

 

Finansutgiftene i prosent av driftsinntektene var på 5,2 % i 2018 medan dei var på 5,5 % i 2017.

 

 

 

1.4. Investeringar

Investeringsrekneskapen inneheld opplysningar om utgifter til investeringar, kjøp av aksjar og andelar, utlån til andre, inntekter til dømes frå sal av eigedom, opplåning og andre finanstransaksjonar. Avdrag knytt til etableringslån vert ført i investeringsrekneskapen, medan renteutgiftene vert ført i driftsrekneskapen. Det er ikkje alltid ein naturleg og direkte samanheng mellom budsjett og forbruk på investeringssida, slik ein finn det på driftssida. Investering og utbygging går gjerne over fleire år, og fordelinga dei einskilde åra er vanskeleg å fastslå på førehand. I skjema 2 i rekneskapen kjem samanhengen over tid fram, jf. note 26.

 

Avskrivingar

Avskrivingstida varierer mellom 5 og 50 år i samsvar med statlege forskrifter. Samla verdi for faste eigedomar, anlegg og utstyr pr. 31.12.2018 er 1,242 mrd, ein auke på 281 mill frå 2017. Avskrivingsbeløpet for 2018 er 65,8 mill. I rekneskapen er dette ført som ei utgift med tilsvarande motpost som ”inntekt” før netto driftsresultat. Beløpet er meint som ei synleggjering av ein kostnad (kapitalslitet). Kommunar fører som kjent avdrag som ei utgift i driftsrekneskapen.

 

Investeringar 2018

Dei største investeringsprosjekta i 2018 var:

  • Lokalmedisinsk senter (LMS) med om lag 152,6 mill
  • Bustader til rus, flyktningar og andre med om lag 47,6 mill
  • Ombygging/rehab. kommunale bygg med om lag 24,1 mill
  • Rehabilitering Landro skule med om lag 22,8 mill
  • Kommunale vegar med 21 mill
  • Omsorgsbustader Blombakkane med 20,5 mill
  • Utbetring Bjorøy skule med 14,8 mill
  • Foldnesvegen med om lag 10 mill

1.5. Rekneskap pr. sektor

Nedanfor følgjer oversikt over resultatet for den einskilde sektor for 2018. Alle sektorane går i pluss eller om lag i

balanse med unntak av Plan- og eigedomssjefen som har mindreinntekter i høve budsjett.

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018