Overordna mål:

 

IKT, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, inngår i all verksemd i kommunen og skal medverka til effektive tenester med høg kvalitet.

IKT-sjef Kjell Fyllingen

Tenestene hjå IKT-sjefen

IKT-sjefen har ansvar for planlegging, utvikling, drift og brukarstøtte innan informasjonsteknologi i Fjell kommune.

 

 

Året som har gått

2018 var året då Fjell, Sund og Øygarden starta arbeidet med fokus på felles infrastruktur for den nye kommunen med oppstart av store prosjekt for etablering av server-park, økonomi- og sak/arkiv-plattform. IKT-leiarane har gjennom heile året hatt jamlege møte for å førebu arbeidet fram mot ny kommune i 2020.

I skulen har ein utvida satsinga på digital undervisning og har nå 4 klassetrinn med digitale klasser med personleg utstyr for elevane. Plan for satsinga er dekning av alle klassetrinn innan 2021.

I 2018 kunne ein endeleg ta i bruk ny teknologi i heimetenesta som følgje av arbeidet i Prosjekt «Velferdsteknologi i vest» med målsetting om å auka sjølvstende og tryggleik for dei eldre. Sentralt i satsinga ligg innovasjonen «mobilt vaktrom» som skapar heilt nye mogelegheiter for tenesttilbodet -  med vinstar for både innbyggjar og tenestetilbydar. Velferdsteknologiplattforma/mobilt vaktrom er og lagt til grunn i planlegginga av lokalmedisinsk senter som har oppstart tidleg 2019.

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Den store saka framover er kommunesamanslåinga. Kommunane har ambisjonar om at Nye Øygarden kommune skal vera eit fyrtårn, med gode digitale løysingar. Informasjonsteknologien inngår i alle tenestområde i kommunane. Parallelt med å oppretthalda drifta skal ein slå saman IT-løysingar og samordna arbeidsprosessar for å leggja grunnlag for ein ny samhandlande kommune.

 

Arbeidet er omfattande: Det vert særleg viktig å prioritera endringar som gjennomførast før Nye Øygarden kommune vert etablert 1.1.2020, i forhold til arbeid som kan venta til etter samanslåinga.

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018