Hendingar i 2018

Januar

01.01.

Med verknad frå 1. januar har Sund, Fjell og Øygarden felles brannvern. Det nye selskapet, Øygarden brann og redning IKS, har om lag 70 tilsette.

 

18.01.

Som kommune nummer to i Hordaland skreiv Fjell kommune og Nasjonalforeningen for folkehelsen i januar under på ein samarbeidsavtale som slår fast at Fjell er eit demensvennleg samfunn.

 

Februar

02.02.

Det var høgtid for Tone Kolsrud Schulstock og Bjarte Tennfjord då dei den 2. februar sa ja framfor ordførar Marianne Sandahl Bjorøy. Dette var første dagen Fjell-ordførar gjennomførte vigsel etter at ansvaret for borgarleg vigsel vart overført til kommunane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

15.02.

I midten av februar var 400 deltakarar på plass på konferansen «Landsbyen - saman mot mobbing» i Sotra Arena. Mellom anna var ein av verdas leiande fagpersonar når det gjeld mobbing, professor Sameer Hinduja, på plass.

 

23.02.

Kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland møtte leiinga i Nye Øygarden kommune på Skjenet i februar. - Mitt inntrykk er at det er stor vilje til samarbeid mellom kommunane og at det ligg til rette for gode tenester for innbyggjarane i framtida, sa statsråden.

 

Mars

15.03.

Knut Thore Algrøy var den første som kunne trilla sykkelen sin inn i sykkelhuset på Straume som vart offisielt opna den 15. mars. - No kan eg trygt parkera sykkelen min på Straume før eg tek bussen til arbeidsplassen min. Eg lovar å bruka sykkelhuset kvar dag, sa Algrøy.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

16.03.

I midten av mars skreiv 10 ordførarar under på ein avtale om samordna regional digitalisering på ei markering på det nyopna innovasjonssenteret til Bergen kommune i Rosenkrantzgate i Bergen.

 

20.03.

Den 20. mars slutta Paul J. Manger som prosjektleiar for Nye Øygarden kommune. Leiar i fellesnemnda, Kari-Anne Landro, opplyste at Manger slutta etter eige ønske.

 

April

05.04.

Fire dagar tidleg i april vart Gjensidige Cup avvikla i Sotra Arena. Vi opplevde handball i verdsklasse frå deltakarlanda Island, Danmark, Frankrike og Noreg. Det var stort sett fullt hus på alle kampane.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

16.04.

I midten april av vedtok fellesnemnda at Rune Lid skal vera prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune fram til utgangen av 2018. Vedtaket innebar også at rådmennene i dei tre kommunane skal ha ei særskilt rolle i styringa av prosjektet.

 

17.04.

I april vedtok partssamansett utval (PSU) omstillingsavtale for kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Omstillingsavtalen regulerer prinsipp for plassering av leiarar og tilsette i den nye kommunen.

 

Mai

07.05.

Den 7. mai vedtok kommunestyret å leggja ned Tellnes skule med verknad frå 31. juli 2018 og Liljevatnet skule med verknad frå 31. juli 2019. Elevane på Tellnes skule vert samla overførte til Skogsvåg skule i Sund, medan elevane på Liljevatnet skule skal gå på Brattholmen skule frå august 2019.

 

15.05.

I midten av mai vedtok Stortinget at Sotrasambandet skal realiserast som eit OPS-prosjekt (OPS: Offentleg Privat Samarbeid). Fjell-ordførar Marianne Sandahl Bjorøy sa at det viktigaste no er at bompengeprosjektet er godkjent av Stortinget.

 

30.05.

Helseminister Bent Høie opplevde Fjell i vakkert sommarvêr då han var på besøk på Kvednatunet i slutten av mai. Saman med lokale politikarar og leiarar hjå Omsorgssjefen fekk han orientering om prosjektet «Sjef i eige liv» og Fjell kommune sitt arbeid med demens.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Juni

01.06.

Den 1. juni overlét Sund-ordførar Kari-Anne Landro leiarvervet i fellesnemnda for Nye Øygarden kommune til ordførar i Øygarden, Børge Haugetun. Leiarvervet går på omgang. Haugetun leia fellesnemnda til utgangen av januar 2019.

 

26.06.

Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) besøkte Kvednatunet på Ågotnes i slutten av juni. Statsråden ville gjerne til Fjell for å oppleva korleis eit lokalt kjøken kan gje god kvalitet på mat og måltid.

 

Juli og august

05.07.

Tidleg i juli vart det markert at den utbetra vegen mellom Ankerhagen og Gamle Straumssundet bru var klar til bruk. Det var ordførar Marianne Sandahl Bjorøy som klipte snora og erklærte vegen for opna. - No vert det lettare for mjuke trafikantar å bevega seg trygt langs vegen, sa ordføraren.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

22.08.

Det var eit etterlengta bygg som vart offisielt opna i Øygarden den 22. august. Ordførar i Øygarden, Børge Haugetun, var tydeleg på at realiseringa av Hjeltefjorden Arena på Rong markerer ein ny æra for både noverande Øygarden kommune og den nye kommunen.

 

September

10.09.

Fjell kommune fekk hausten 2018 utbetalt 11,6 millionar kroner frå Havbruksfondet. Også nabokommunane får utbetalt store summar frå fondet. Totalt betalar fondet ut vel 2,7 milliardar kroner til om lag 160 oppdrettskommunar.

 

19.09.

I september overrekte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy diplom til direktør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, som eit synleg bevis for at senteret er eit demensvennleg kjøpesenter. Senteret ønskjer å leggja til rette for at menneske med demens kjenner seg velkomen.

 

Oktober

02.10.

Fylkestinget vedtok tidleg i oktober at nye Sotra vidaregåande skule skal byggjast på tomta ved Stovevatnet i området mellom Fjell rådhus og Sartor Storsenter. Den nye skulen skal erstatta dei noverande skulebygningane på Bildøyna og i Sund.

 

05.10.

- Dette er eit viktig steg mot å verta ein sykkelby, og eg håpar at denne tunnelen vert til glede for mange. Det sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho den 5. oktober klipte snora for å markera at den nye tunnelen mellom Sartor Storsenter og Straume Sjøfront var offisielt opna.

 

29.10.

I slutten av oktober vedtok fellesnemnda å tilsetja Rune Lid (51) som rådmann i Nye Øygarden kommune. Fram til januar 2020 vert han prosjektrådmann for Nye Øygarden kommune.

 

29.10.

I slutten av oktober var det offisiell opning av ein rehabilitert og utvida Landro skule. Resultatet av å bruka 75 millionar kroner inklusive meirverdiavgift på Landro er rehabilitert administrasjonsfløy, 14 nye klasserom og SFO-base.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

November

08.11.

Torsdag den 8. november var det høgtidleg opning av den fullførde turvegen ved Kvednavatnet. Dagen før gjekk formannskapet inn for å bruka 37 millionar kroner på opprusting av idrettsanlegget på Ågotnes. Laurdag var det opning av det rehabiliterte symjebassenget ved Ågotnes skule.

 

16.11.

I midten av november var det kranselag for Lyngheia bufellesskap. Bufellesskapet ligg solrikt til mellom Blombakkane bustader og Røde kors-huset på Straume. Etter planen er arbeidet med bygget sluttført i april 2019.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

30.11.

I slutten av november og tidleg i desember takka fire av søkjarane ja til å verta kommunalsjef i Nye Øygarden kommune.

 

Desember

07.12.

I desember slo Hamnerådet fast at Ågotnes skal vera den framtidige godshamna for Bergensregionen. - Dette er ein svært god dag for Coast Center Base og ikkje minst Fjell kommune og Nye Øygarden kommune, sa ordførar i Fjell, Marianne Sandahl Bjorøy.

 

13.12.

I forkant av behandlinga av 2019-budsjettet i kommunestyret den 13. desember fekk Statens vegvesen, Region vest og Hordaland fylkeskommune overrekt Tilgjengeprisen 2018 frå Fjell kommune. Dei offentlege aktørane får prisen for utforminga av det nye veganlegget, fylkesveg 209, parsellen mellom Storskaret og Arefjordpollen på Litlesotra.

 

13.12.

Kommunestyret vedtok i midten av desember budsjettet for 2019. Driftsbudsjettet for neste år har ei ramme på 1,9 milliardar kroner. Total investeringsramme er 229 millionar kroner, eksklusive 55 millionar kroner til lokalmedisinsk senter.

 

17.12.

I desember vedtok fellesnemnda at dei tilsette i Nye Øygarden kommune skal ha forsikra løysing i KLP.

 

^ Topp

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018