Helsesjef Terje Handal

Tenestene hjå Helsesjefen

Helsesjefen sitt teneste- og ansvarsområde er fysio- og ergoterapi, friskliv og meistring, helsestasjon, jordmor, fastlege, interkommunal legevakt, psykisk helse, rus, flyktningar, kommunepsykologar og kommuneoverlegen sine oppgåver innanfor samfunnsmedisin og miljøretta helsevern/smittevern.

 

 

Året som har gått

Helsesjefen har i 2018 vidareført samarbeidet med Sund og Øygarden kommunar og Helse Bergen i samsvar med intensjonane i samhandlingsreforma. Arbeidet med fullføring av lokalmedisinsk senter på Straume har halde fram i tråd med oppsett plan og ferdig bygg blei overlevert kommunen i november.

 

Helsestasjon- og skulehelsetenesta

Hausten 2018 vart det etablerte teamet «Trygg Start» styrka ved hjelp av prosjektmidlar frå Fylkesmannen.  Familiar som treng tidleg hjelp og tett oppfølging i forhold til barna, får ekstra rettleiing  frå helsestasjonsteamet «Trygg Start». Prosjektmidlane er brukt til å styrkja jordmor og helsesjukepleiartenesta, i tillegg til familierettleiar.

 

Helsestasjon for ungdom (HFU) utvida opningstida frå to til tre dagar i veka i 2018. To av dagane er det lege på HFU. Dei tilsette på HFU melder om stor pågang frå ungdom som treng  hjelp og rettleiing.

 

Helsesjukepleiar og miljøarbeidar i flyktninghelsetenesta har arbeidd tett med rettleiarteamet for barnehagar om eit prosjekt for foreldresamarbeid mellom heim og barnehage. Jordmorgruppa i Fjell, Sund og Øygarden arrangerte i mars 2018 nettverksmøte om vald i kommunehelsetenesta.  Vidare har jordmortenesta i Fjell auka opp stillingane i svangerskapsomsorga for å ivareta dei gravide og har hatt eit auka fokus på livsstilutfordringar og vald i nære relasjonar. Jordmødrene har også  starta opp eit treningsprogram for barselkvinner på Aktiv 365.

 

Fysio- og ergoterapitenesta med friskliv og meistring

I 2018 prioriterte fysio- og ergoterapitenesta oppfølging av den interkommunale planen  «Rehabilitering først.» Det var jamlege møte i ulike arbeidsgrupper, sett saman av representantar frå Omsorgssjefen og Helsesjefen i Fjell, Sund og Øygarden.  Det vart arbeidd med å utvikla andrelinetenesta for å etablera gode samarbeidsrutiner mellom sjukehus og kommune. I tillegg vart det arbeidd med å etablera rehabiliteringseininga i lokalmedisinsk senter.

 

Bruken av terapibassenget vart vidareutvikla. Fysioterapeutane hadde ulike treningsgrupper og oppfølging av enkeltpersonar. Ulike lag og organisasjonar brukte bassenget jamleg. I 2018 fekk Barnehagesjefen tilskot til å arrangera vasstilvenningskurs for barnehagebarn. Kursa vart gjennomførte i terapibassenget.

Friskliv og meistring gjennomførte saman med psykolog, fysioterapeut og Kraftsenteret tilbodet «Helse på intro» og hadde ansvar for kosthaldsundervisning, matgrupper og røykesluttkurs for flyktningane. I 2018 hadde friskliv og meistring, anten i gruppe eller individuelt, tilbod til 171 personar, ergoterapitenesta til 415 personar og fysioterapitenesta til 1077 personar.

Kommunepsykologane

Rask psykisk helsehjelp gav tilbod til 350 vaksne innbyggjarar, og om lag 300 barn, unge og/eller foreldre fekk hjelp hos kommunepsykologane. I tillegg til konsultasjonar, kurs og føredrag i eigne lokale, har det vore «utekontor» til fast tid på barnevernstenesta og på helsestasjon, og etter avtale på nokre skular.

 

Psykologane deltok i fleire utviklingsprosjekt finansiert av eksterne midlar, inkludert innovasjonsprosjektet Stimulab, for betre tenester for utsette barn og unge i Nye Øygarden kommune. Kommunepsykologane deltok i forskingssamarbeid med Universitetet i Bergen (UiB) om flyktninghelse, og med Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) i nasjonal utprøving av modell for behandling av traume, saman med psykolog i Sund kommune.

 

Verdsdagen for psykisk helse hadde tema VER RAUS, og vart tradisjonen tru markert med eit stort arrangement i Sotra Arena for alle ungdomsskuleelevane, på Sartor storsenter og med samspel og konsert på Fjell folkeboksamling.

 

Legetenesta

Innan miljøretta helsevern har det vore saker av ulik type og omfang. Fastlegeordninga har fungert godt, trass i utfordring med å rekruttera til ledige stillingar. Det vart tilsett ny interkommunal smittevernlege for kommunane Fjell, Sund og Øygarden i 2018.

 

Sotra legevakt handterte 41 019 telefonsamtalar og 14 606 konsultasjonar. Gjennom året har det vorte arbeidd med å tilfredsstilla krava i akuttmedisinforskrifta, og tenesta har difor hatt kurs for legar og sjukepleiarar i både valds- og overgrepshandtering og tre dagars kurs i akuttmedisin. Det er også starta fellestrening med lege, sjukepleier og ambulanse kvar veke.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn på Sotra legevakt i september. Det vart avdekka eit avvik som gjeld telefontriage (verktøy for å hastegradvurdera inngåande telefonar til legevakta). Vi har etter dette endra systemet for triage av pasientar som tek kontakt på telefon. Vi brukar nå medisinsk indeks, det same verktøyet som vert brukt i AMK-sentralane.

 

Flyktningtenesta

Fjell kraftsenter for inkludering er lokalisert sentralt på Straume. Ved kraftsenteret er tenester som arbeider med integrering av flyktningar samlokaliserte. Kommunen busette 30 flyktningar. Av desse kom 80 prosent som overføringsflyktningar. Dei som har budd mange år i flyktningleir, har ofte fleire utfordringar med seg enn kva vi har erfart tidlegare år, då vi i stor grad busette asylantar. I underetasjen på kraftsenteret er det eit aktivitetssenter i samarbeid med organisasjonen Way Forward. Her vert det tilbode aktivitetar som leksehjelp, ungdomskafé, gutegruppe og jentegruppe. Tilbodet er ope for alle ungdommar i kommunen.

 

Prosjektet med å ta 10 flyktningar rett i jobb i kommunen, hadde full drift i 2018, og metoden frå prosjektet er teke inn i eit nasjonalt forsøk om varig tilrettelagt arbeid (VTA) for dei som er uføretrygda. Fjell er ein av seks forsøkskommunar. VTA-forsøket har 10 deltakarar som er i jobb i kommunen. Forsøket vert kontinuerleg evaluert av Telemarksforsking.

 

Rustenesta

Avdeling rustenester hadde i 2018 ein auke på 10 – 15 prosent brukarar  som ønskte oppfølging av ruskonsulentane. MO-senteret (mottak- og oppfølgingssenter for personar som er knytt til rus) hadde godt besøk gjennom året med ein vekst i besøk på 35 prosent . Dette vert rekna som eit populært tilbod, med eit variert aktivitetstilbod. Senteret starta med utdeling av Nalokson nasespray som førebygging mot overdosedødsfall. Fjell kommune vart med i nasjonal strategi mot overdosedødsfall frå 2018. ROP-huset på Søre Bildøyna vart sett  drift frå april. Frå august  var det fire bebuarar i huset og heildøgns drift. Det er gjeve tildeling til brukarar av dei resterande fire bustadane. Når fast turnus er etablert, vil desse flytta inn.

 

Psykiatritenesta

Påbygg til psykiatribustad Blombakkane med fire leilegheiter og fellesleilegheiter stod ferdig i fjor, og brukarane flytta inn i juli. ADL-team starta foreldrerettleiingskurs i samarbeid med psykolog for utviklingshemma. Psykiatrisk team fylgde opp 220 personar med alvorleg og moderat psykisk liding på vegen til å leve eit best mogleg liv med psykisk sjukdom.

 

 

Tilhøve til brukarane

Det er jamt over gode tilbakemeldingar frå brukarane innan tenestene hjå Helsesjefen.

I styringsgruppe for lokalmedisinsk senter deltok brukarrepresentant.

 

Innan friskliv og meistring (FMS) og rusfeltet vart det gjort tilsetjingar tilsvarande 1,3 årsverk som erfaringskonsulent.

 

 

Arbeidsmiljø

Tilbakemeldingar frå tenestestadene viser eit generelt godt arbeidsmiljø. Fleire tenestestader viser til auke i tal brukarar og etterspurnad etter tenester. Nokre tilsette har opplevd grov trakassering og truslar som igjen har ført til stor slitasje og sjukemeldingar.  Dei alvorlegaste tilfella vart melde til politiet og elles handtert internt og ved hjelp av bedriftshelsetenesta.

 

Det er positive tilbakemeldingar på Helsesjefen si satsing på opplæring og kompetanseheving.  Dette har gjeve gode resultat for arbeidsmiljø og tenestekvalitet og vore medverkande til lågt sjukefråvær i dei fleste einingane.

 

 

Samarbeid

Ulike kommunale einingar, som til dømes omsorg, skule, barnehage, kommunepsykologar og helsestasjon, har samarbeidd godt. Tiltak som gjeld  psykisk helse for barn og unge vert nemnd spesielt.

 

Helsesjefen hadde og godt samarbeid med leiinga og fagpersonar i Helse Bergen innan somatiske og psykiske helsetenester.  Det var også eit godt samarbeid med nabokommunane om ulike felles prosjekt. Prosjektet «Tveps», som gjeld tverrprofesjonell samarbeidsopplæring mellom fleire fakultet på Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet, har halde fram.

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Lokalmedisinsk senter på Straume er kommunen sitt største og viktigaste prosjekt som no er ferdig og klar for drift. Drifta vil krevja mykje arbeid, merksemd og økonomiske ressursar i 2019 og åra som kjem.

 

Satsing innan  rus og psykisk helse vil også ha høg prioritet i framtida. Tilrettelegging av bustader med gode og forsvarlege tenestetilbod må prioriterast med tanke på eit veksande  behov. Tidleg intervensjon må prioriterast.

 

Samhandlingsteamet har identifisert store utfordringar for ungdom med komplekse og samansette vanskar.  Her er ungdom og rus ei spesiell utfordring kor det er viktig med tett samarbeid mellom barnevern, helse, skule, omsorg, spesialisthelsetenesta, politiet m.m.

 

Som for resten av landet, ser også vi i Fjell behov for å førebyggja, avdekkja og skapa gode tiltak  for personar  som vert utsette for vald og overgrep.

 

Innan habiliterings- og rehabiliteringsfeltet ser vi eit klart behov for å utvikla nært samarbeid mellom første og andrelinetenesta.

 

Helsesjefen ser det og som særs viktig å prioritera samarbeid med høgskule, universitet og andre forskings- og utdanningsinstitusjonar. Dette er nødvendig for å sikra rekruttering av personell og oppretthalda høg kompetanse i tenestene.

 

Etablering av den nye kommunen frå 2020 vil ha stor innverknad på alle tenesteområde. Dette vil medføra store utfordringar når det gjeld vidareutvikling av dei ulike tenestene.

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018