Avkastninga frå det langsiktige kapitalfondet var positiv med 3,6 mill i 2018, medan den var på 8,7 mill i 2017. Risikoen i kapitalfondet var låg gjennom heile 2018 då porteføljen i hovudsak besto av rentepapir. Om lag 5,2 % av kapitalfondet, det vil seia 13,2 mill, er plassert i aksjar.

Utvikling langsiktig kapitalfond 2009-2018

(Tal i heile mill)

Det er ikkje gjort sal av finansaktiva i perioden 2014 - 2087. Totalt er det gjort sal av finansaktiva på 137,3 mill i perioden 2009 til 2013. Avkastninga i 10-årsperioden frå 2009 til 2017 har vore på 110,5 mill. , dvs. eit snitt på 11,1 mill pr. år. I 2010 var det langsiktige kapitalfondet på sitt høgaste med ein saldo på 307,9 mill. Ved utgangen av 2018 er fondet på  255,1 mill, ein reduksjon på 52,8 mill i høve 2010. Kommunen sin finansielle stilling er soleis god. Kapitalfondet kan eventuelt nyttast til å styrkja likviditeten ved behov.

Netto finans 2009-2018

(Tal i heile tusen)

Netto finans inneheld finansinntekter som utbytte frå BKK, avkastning frå det langsiktige kapitalfondet samt renteinntekter og finansutgifter som renteutgifter og avdrag. Netto finans viste utgifter på 70,9 mill i 2018 medan den viste utgifter på 71,7 mill i 2017. Avdraga er betalt etter minimumsmetoden og utgjer 47 mill.

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018