Sum driftsinntekter ekskl. finans i 2018 var på om lag 1,84 mrd og driftsutgifter eks finans var på 1,82 mrd. Brutto driftsresultat i 2018 vart negativt med om lag 55,6 mill, medan budsjettert resultat var på minu 6,1 mill. Netto driftsresultat vart negativt med 60,7 mill, medan det reviderte budsjettet var på minus 9,7 mill.

 

Rekneskapstala over inkluderer utgifter til etablering av ny kommune og tiltakspakke med høvesvis 11,5 mill og 13,1 mill. Desse utgiftene er ikkje knytt til vanleg drift av Fjell kommune og må difor korrigerast. Dersom ein korrigerer for desse utgiftene vert brutto driftsresultat negativt med 31,1 mill medan netto driftsresultat vert negativ med 36,2 mill.

 

Netto korrigert driftsresultat i 2017 var på minus 14,9 mill og svekkinga frå 2017 til 2018 utgjer dermed 21,3 mill.

 

Det er dei korrigerte tala som vert nytta i alle rekneskapsanalyser og samanlikningar for 2018.

 

Det er ei målsetjing at netto drifsresultat skal liggja på TBU sine årlege tilrådingar. For 2018 er TBU sin anbefaling  1,75 % av driftsinntektene, noko som for Fjell kommune vil utgjera eit korrigert  positivt netto driftsresultat på 31,2 mill. Netto driftsresultat i 2018 på minus 36,2 mill er soleis langt  under dette målet.

Hovudoversikt investeringar

Det er ikkje alltid ein naturleg og direkte samanheng mellom budsjett og rekneskap på investeringssida, slik ein finn det på driftssida. Investering og utbygging går gjerne over fleire år, og fordelinga dei einskilde åra er vanskeleg å fastslå på førehand. I skjema 2 i rekneskapen kjem samanhengen over tid fram, jfr. note 16.

 

Strategien kring investeringar er å auka eigenfinansieringa (t.d. sal av eigedom, tippemidlar og refusjon frå Husbanken) som i sum reduserer låneopptaket.

 

Tomteområde på Vindenes er seld til Ågotnes Næringspark i 2014 men hovuddel av kjøpesummen vert først innbetalt etter kvart som kjøpar tek i bruk arealet, seinast i 2024, sjå note 1.

 

Investeringsrekneskapen i 2018 viste netto investeringsutgifter på 413,6 mill som er dekt på følgjande måte:

  • Bruk av lån med 347,0 mill
  • Mottatte avdrag på utlån med 14,3 mill (m.a. tilbakebetaling av forskotterte vegmidlar)
  • Bruk av bundne investeringsfond med 12,1 mill
  • Bruk av ubundne investeringsfond med 40,2 mill

 

 

DRIFTSREKNESKAPEN

Tabellen syner at korrigert brutto driftsresultat i 2018 var på minus 31,1 mill, ein reduksjon på 25,5 mill i høve til 2017 rekneskapen. Netto driftsresultat er redusert med 21,3 mill til minus 36,2 mill.

Det rekneskapsmessige meirforbruket i 2018 er på 41,5 mill. Dette inkluderer meirforbruket frå 2017 på 9,7 mill. Isolert sett er difor meirforbruket i 2017 på 31,7 mill.

Netto driftsresultat i % av driftsinntektene 2009-2018

Netto driftsresultat syner resultatet av kommunen si ordinære drift inklusiv finansinntekter- og utgifter. Det er korrigert for verknaden avskrivingar, som vert erstatta med avdrag på lån.

 

Det tekniske berekningsutvalet for kommunal og fylkeskommunal økonomi (TBU) tilrår at netto driftsresultat i 2018 bør vere om lag 1,75 % av driftsinntektene.

 

Netto driftsresultat i % av driftsinntektene var  på minus 2,03 % i 2018 og minus 0,87 % i 2017.

 

Netto driftsresultat/tilrådd netto driftsresultat 2009-2018

(Tal i heile mill)

Netto driftsresultat

Tilrådd driftsresultat

Tabellen syner faktisk netto driftsresultat sett opp mot TBU sin tilråding. I den siste 10-årsperioden er det berre i 2009 og 2015 at Fjell kommune har lagt på nivå med eller over TBU sine tilrådingar.

Driftsinntekter 2009-2018

(Tal i heile mill)

Driftsutgifter 2009-2018

(Tal i heile mill)

Driftsinntektene auka med 72,5 mill frå 2017 til 2018 og skuldast i hovudsak auke i dei frie inntektene som aukar med om lag 56 mill. I tillegg kjem refusjon frå andre kommunar som aukar med 8,7 mill. Dette er i hovudsak knytt til Sund barnevern og utviding av legevakta med Øygarden kommune.

 

Driftsutgiftene auka med 97,9 mill frå 2017 til 2018 og skuldast i hovudsak auke i løn- og sosiale utgifter. Overtaking av Sund barnevern inngår i desse tala. Det er også auke i utbetalingar til private barnehagar.

Utvikling netto driftsresultat 2009 - 2018

(Tal i heile tusen)

I perioden 2005-2009 vart fonda styrkte med gode resultat. Deler av fondsoppbygginga vart nytta til å dekka underskota i perioden 2010-2013. I åra 2014, 2015 og 2016 var Fjell kommune igjen i overskotsposisjon og bygde opp igjen disposisjonsfondet. I 2017 vart det eit negativt netto driftsresultat på 14,8 mill. Også i 2018 vart betto driftsresultat negativt med 21,3 mill.

Utvikling brutto driftsresultat 2009-2018

(Tal i heile mill)

Brutto driftsresultat syner resultatet av den ordinære drifta av kommunen eksklusiv finansinntekter- og utgifter. Brutto driftsresultat var i 2018 negativt med 31,1 mill, ein nedgang på om lag 25,5 mill i høve 2017. Hovudforklaringa på nedgangen er auka løn- og pensjonskostnader samt nokre nye stillingar, samt reduksjon i vekst i frie inntekter. Brutto driftsresultat var positiv for åra 2014-2016.

Fordeling av brutto driftsutgifter pr. sektor 2018

Av figuren går det fram at skule og omsorg er dei største sektorane. Deretter barnehageområdet fordelt på kommunal og privat sektor. Den kommunale delen inneheld og felleskostnader som gjeld både kommunal og privat sektor.

Driftsutgifter pr. innbyggjar 2009-2018

(Tal i heile tusen)

Driftsutgifter pr. innbyggjar har auka i heile perioden frå 2009-2018 og var ved utgangen av 2018 på om lag kr 69 400.

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018