Overordna mål:

 

Fjell kommune skal ha eit barnehagetilbod til alle som ønskjer det, med kostnadseffektiv drift, høg kvalitet og stort mangfald

Barnehagesjef Margun Landro

Tenestene hjå barnehagesjefen

• Kommunalt barnehagetilbod. 11 av 26 barnehagar. 45 % av det totale barnehagetilbodet

• Støttetiltak til funksjonshemma barn i kommunale og private barnehagar

• Spesialpedagogisk hjelp til barn i førskulealder

• Rettleiingsteam for private og kommunale barnehagar

• Kompetanse- og fagutvikling for private og kommunale barnehagar

 

 

Året som har gått

Hovudopptaket i 2018 kom i hamn med tilbod om plass til alle som har lovfesta rett til barnehageplass. Det er totalt 1.581 barn i sektoren pr 15.12.18. Open barnehage kjem i tillegg. Det var likevel vel 100 barn som stod att på venteliste. Dette var barn som vart 1 år frå desember og  ikkje har rett til barnehageplass, og familiar som flytta til Fjell i løpet av sommaren og hausten 2018.

 

I Fjell har vi over fleire år hatt merksemd på å utvikla kvaliteten i tenesta i heile sektoren. Lov og føresegner legg vekt på at barnehagekvardagen skal leggja til rette for omsorg, leik, læring og danning. Forsking viser at ein barnehagekvardag med god kvalitet gjev barna ein god basis for den gode, trygge barndommen her og no, - men også eit godt grunnlag for å klara seg gjennom skulegang og vaksenlivet vidare. Vidare viser forskinga at det er dei mest sårbare barna som profitterer mest på ein barnehageplass med høg kvalitet. Tidleg innsats svarar seg!

 

Den gode kvaliteten er i hovudsak bunden til:

- dei tilsette sin kompetanse om barn, læring og utvikling

- evne til god relasjonsbygging til enkeltbarn og foreldre

- god leiing av barnegrupper.

Denne kunnskapen er grunnlaget for den faglege satsinga over fleire år i barnehagesektoren og som har vore vidareutvikla med nye tiltak i 2018.

Barnehagesjefen vil her nemne følgjande satsing og tiltak:

 

  • Dei utrulege åra:  Målsetjinga er å hindra/førebyggja eller snu utagering og negativ åtferd hos barnehagebarn. Tilbakemeldingane frå personalet er gode. Dei opplever at programmet fører til ei positiv endring i barnegruppene. Programmet er ein del av eit forskingssamarbeid med Universitetet i Tromsø. 25 barnehagar har innført programmet pr 2018.
  • Dinosaurgrupper : Programmet vert gjennomført i samarbeid med Universitetet i Tromsø og rettar seg direkte mot dei eldste barna i barnehagen. Det vert gjennomført 2 samlingar pr veke med ulike tema gjennom heile året. Her trenar og lærar barna å forstå sosiale reglar, å løysa problem og læra sinne-meistring, å vera ein god ven og kunna samarbeida med andre både i barnehagen og heime. Både private og  kommunale barnehagar samt foreldre til barnehagebarna gjev gode tilbakemeldingar på denne satsinga. Programmet fungerer også førebyggjande mot mobbing. Totalt 17 av totalt 25 barnehagar har dinosaurgrupper for dei eldste barna.
  • Opplæringspakken: Kursrekke for barnehagelærarar. Tema: sårbare barn, korleis fanga opp og følgja opp. Barnevernsfaglege tema. Samarbeid med barnevern og helse.
  • Språkkommune: Fjell deltek i den nasjonale strategien  2017 – 2019 for å forsterka og systematisere arbeid med språk, lesing og skriving. Barnehagar, helsestasjonar og skular deltek i denne satsinga. Det vart utvikla ein konkret tiltaksplan i Fjell. Barnehagar og skular har arbeidd målretta og godt med dette temaet i 2018.
  • Fjellmodellen: Digital modell/ oversyn på internett over alle tiltak knytt til barn og unge i Fjell kommune. Samarbeid på tvers av avdelingar
  • Trygg i Fjell: Heilskapleg modell på tvers av sektorar for å oppdaga, handtera og hindra mobbing/ utestenging av barn i barnegruppene. I 2018 arbeidde 21 barnehagar systematisk med observasjon, barneintervju og handterer og søkjer å hindra utestenging av barn i barnegruppene. Samarbeid med foreldre og opplæringspakke for heile personalet.
  • Symjekurs: Det er også i 2018 gjennomført symjekurs for ca. 300 barnehagebarn i barnehagen si opningstid, til stor glede for 5-6 åringane ! Tiltaket er finansiert gjennom tilskot frå Fylkesmannen og i tett samarbeid med Vestkantsvømmerne, som stiller med gode instruktørar.

 

All honnør til alle,  gode medarbeidarar og samarbeidspartar som gjer ein stor innsats  i heile barnehagesektoren!

 

Brukarundersøkingar:

Barnehagesjefen gjennomfører brukarundersøkingar kvart andre år. Private barnehagar vert også oppfordra til å delta i kartlegginga. Alle dei 11 kommunale barnehagane og 12 av 15 private barnehagar deltok. Siste kartlegging vart gjennomført i november 2018. Nytt av året er bruk av Utdanningsdirektoratet si landsdekkande foreldreundersøking. Resultatet i år let seg difor ikkje samanlikna med resultatet frå brukarundersøkingar tidlegare år. På ein skala frå 1 til 5 der 5 er beste resultat, gjev foreldre ei heilskapsvurdering av barnehagane på ulike område. Resultat vert vurdert som godt og på linje med landsgjennomsnittet for barnehagesektoren.

 

 

Resultat 2018, foreldra si oppleving av barnehagetilbodet:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Arbeidsmiljø

Det vert gjennomført medarbeidarkartlegging kvart andre år i barnehagane. I 2016 gjekk Fjell kommune over til kartleggingsverktøyet 10-Faktor. Resultatet var då særs godt i dei kommunale barnehagane samanlikna med landsnittet og snittet i Fjell kommune. 6 av 10 faktorar ligg over snittet for Fjell og resterande 4 faktorar ligg på gjennomsnittet for Fjell kommune. Svarprosenten låg på 78 % - også godt over landsnittet og snittet for Fjell. Det vart ikkje gjennomført ei samla medarbeidarkartlegging i Fjell kommune i 2018.

 

 

 

Utfordringar i tida som kjem

I året som kjem vil det vera viktig å få på plass tilfredstillande barnehagekapasitet som gjer at regionen vår framleis kan vera ein attraktiv tilflyttingskommune for småbarnsfamiliar som kjem flyttande til kommunen i løpet av året. Pr desember 2018 stod det omlag 100 barn på venteliste til barnehageplass. Eventuell bruk av Liljevatnet skule for barnehagedrift når skuledrifta vert lagt ned frå hausten 2019, vil truleg bidra til å løysa kapasitetsutfordringa.

 

Ny pedagognorm og ny norm for grunnbemanning med verknad frå 01.08.18 og 01.08.19 vil gje fleire pedagogar og auka grunnbemanning i barnehagar. Dette vil gje eit godt bidrag til kvalitetsutviklinga i sektoren. Fagmiljøet har etterspurt ei avgrensing av tal barn pr årsverk og ny norm vil vera i tråd med nyare barnehageforsking. På ei anna side kan ny bemanningsnorm utfordra barnehagekapasiteten i Fjell dersom tal barn pr årsverk skal reduserast. På ei anna side kan dette utfordra økonomien vår dersom  bemanninga må aukast opp.

Komande år 2019 vil likevel vera mest prega av kommunesamanslåinga frå 01.01.20, med avvikling av Fjell kommune og førebuing/ planlegging fram mot nye Øygarden kommune.

 

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018