Balansen gjev eit samla oversyn over kommunen sine eigedeler, gjeldspostar og eigenkapital ved utgangen av rekneskapsåret. Eigedelane er samansett av anleggsmidlar og omløpsmidlar. Eigenkapitalen er delt i ubundne(disposisjonsfond) og bundne driftsfond samt ubundne og bundne investeringsfond. Gjeld er delt i langsiktig og kortsiktig gjeld. I langsiktig gjeld ligg lån til ordinære investeringar og pensjonsforpliktingar. I kortsiktig gjeld ligg leverandørgjeld, skattetrekk, arbeidsgjevaravgift m.m.

 

Det langsiktige kapitalfondet til Fjell kommune er plassert under omløpsmidlar til marknadsverdi med 255,0 mill, medan aksjane i BKK er plassert under anleggsmidlar til bokført verdi med 93,8 mill.

 

På passivasida i balansen har vi under eigenkapital fondsmidlar  (drift og investering) med totalt 235,1 mill før ein tek omsyn til meirforbruk i året på 41,5 mill. Etter dette vil totale fondsmidlar utgjere 193,7 mill.

 

Bankbehaldning er redusert frå 71,2 mill i 2017 til minus 12,1 mill i 2018 , som viser noko svekka likviditet. Vidare er netto premieavvik pr. 31.12.2018 på 18,1 mill, ein auke på 3,7 mill i høve 2017. Netto premieavvik skal belastast driftsrekneskapen dei neste åra. Arbeidskapitalen, som er omløpsmidlar minus kortsiktig gjeld, viser ein reduksjon på om lag 105,8 mill.

Oversikt balanserekneskapen 2009 - 2018

Fordeling av gjeld og eigenkapital 2018

Diagrammet syner fordeling av gjeld og eigenkapital i 2018. Eigenkapitaldelen er på 16%, om lag det same som i 2017.

Lånegjeld 2009 - 2018

Netto lånegjeld har auka med om lag 280,9 mill i 2018. Samla låneopptak inklusiv startlån var på 191,9 mill medan samla avdrag var på 61,1 mill. Strategien til Fjell kommune er å redusera låneopptaka mest mogleg gjennom ulike inntektskjelder.

Utvikling langsiktig gjeld 2009 - 2018 – eks. pensjonsforpliktingar

(Tal i heile mill)

Grafen syner utviklinga i langsiktig gjeld utan pensjonsforpliktingar i perioden 2009-2018.

I tala inngår også Husbanklån til vidare utlån som i 2018 utgjorde 234,8 mill. På aktivasida i balansen har vi pantesikra fordringar på 188,3 mill knytt til Husbanklåna.

Gjelda har auka frå 946,9 mill i 2009 til om lag 2,2 mrd ved utgangen av 2018.

 

 

Utvikling pensjonsforpliktingar  2009 - 2018

(Tal i heile mill)

Pensjonsforpliktingane til Fjell kommune er delt på 3 selskap, Fjell kommunal pensjonskasse, KLP og Statens pensjonskasse.

Lånegjeld i % av driftsinntektene 2009 - 2018

Lånegjeld i % av driftsinntektene var på 118,2% i 2018, det høgaste i heile 10-årsperioden.

Arbeidskapital 2009 - 2018

(Tal i heile tusen)

Arbeidskapital som er omløpsmidlar minus kortsiktig gjeld er eit av fleire mål på likviditeten. Arbeidskapitalen er redusert frå 421 mill i 2017 til 315,2 mill i 2018.

Arbeidskapitalen var på sitt lågaste i 2013 og kommunen hadde då ein stram likviditet.

 

Endring i arbeidskapital 2009 - 2018

(Tal i heile tusen)

Endring i arbeidskapital er eit måltal som viser den kapital kommunen har til rådevelde ved utbetalingar på eit bestemt tidspunkt.  Arbeidskapitalen er redusert frå 2017 med om lag 105,8 mill.

Utvikling disposisjonsfond 2009 - 2018

(Tal i heile tusen)

Disposisjonsfondet var på sitt høgaste i 2009 med 212,4 mill. Ved utgangen av 2018 var dette redusert til 70,6 mill dersom ein tek omsyn til rekneskapsmessig  meirforbruk på 41,5 mill i 2018.

Utvikling ubundne investeringsfond 2009 - 2018

(Tal i heile tusen)

Ubundne investeringsfond var uendra frå 2013 til 2015 med 104,1 mill. Ved utgangen av 2016 vart dette redusert til 94 mill då 10 mill er nytta til å finansiera kjøp av tilleggstomt Sotra Arena. I budsjettvedtak for 2017 vart det vedteke å bruke 50 mill av ubundne investeringsfond til vegprosjekt, mellom anna Foldnesvegen. I tillegg har kommunestyret vedteke å nytta 40 mill av fondet til kjøp av aksjar i Ågotnes Næringspark. Aksjekjøpet vart gjort i 2018 og det står igjen 53,7 mill av fondet. Om lag 50 mill av desse skal nyttast til vegprosjekt i samsvar med vedtak.

Eigenkapitalgrad EK/TK (eks. kapitalkonto) 2009 - 2018

(Tal i heile tusen)

Eigenkapitalgraden har vist ein fallande tendens sidan 2009 då den var på 11,8 %, men har styrkt seg  noko både i 2014 og 2015. Ved utgangen av 2016 var den på 6,9 % og vart ikkje endra i 2017. ved utgangen av 2018 var nede på eigenkapitalgraden 4,1 %.

Langsiktig gjeld pr. innbyggar 2009 - 2018

Langsiktig gjeld pr. innbyggjar har auka i perioden 2009-2011. Frå 2011 til 2015 har langsiktig gjeld pr. innbyggar flata ut man har igjen auka frå 2016 til 2018 og utgjer ved utgangen av 2018 kr 80.604.

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018