Overordna mål:

 

  • Styringa av Fjell kommune skal baserast på ein balansert og veldriven økonomi
  • Fjell kommune skal gjennom god økonomistyring bidra til at den finansielle formuen vert teken i vare
  • Fjell kommune skal praktisera ansvarleg økonomisk styring med vekt på god likviditet og soliditet
  • Økonomiavdelinga skal jamleg rapportera om den økonomiske stoda både til politiske organ og administrativt.

 

 

Økonomisjef Svend-Fredrik Untiedt

Tenestene hjå Økonomisjefen

  • Budsjettering av drift og investering og utarbeiding av budsjett- og økonomiplandokument
  • Økonomisk styring og rapportering
  • Analyse og rapportering av økonomiske data, m.a. KOSTRA
  • Rekneskap, rekneskapsrapportering og utarbeiding av rekneskapsdokument og årsmelding
  • Fakturahandtering for inngåande og utgåande faktura
  • Lønsfunksjon. Utbetaling av løn, avstemming, rapportering og statistikk
  • Eigedomsskattekontor
  • Tilskott til private barnehagar
  • Utarbeiding av prosjekt- og sjølvkostrekneskap
  • Refusjonskrav for ressurskrevjande tenester og samarbeidsprosjekt med andre kommunar
  • Finans- og låneforvaltning
  • Innkjøpsrådgjeving
  • Økonomi- og systemopplæring
  • Føring av rekneskap og økonomisk rådgjeving for Fjell sokneråd.

 

 

Året som har gått

Som tidleg varsla, både i budsjettprosessen og i 1. tertialrapport, vart 2018 eit særs krevjande år økonomisk sett. I 1. tertialrapport vart det varsla eit underskot på mellom 30 og 40 mill. Dette skuldast i hovudsak svak vekst i dei frie inntektene i perioden 2016-2018, som følgje av bortfall av om lag 90 mill. som følgje av nedgang i aktivitetsnivået i olje og gassnæringa. I tillegg vart ein del refusjonsinntekter lågare enn venta, og det vart gjort endringar i grunnlaget for refusjon knytt til einslege mindreårige flyktningar. På utgiftssida har statlege reformer medverka til auka kostnadspress, til dømes innan sektorane skule og barnehage. Ein kald og snørik vinter førte og til auka kostnader knytt til vintervedlikehald av vegar og auka strømforbruk.

 

Den økonomiske rapporteringa gjennom året trefte særs godt i høve til det faktiske resultatet.

Resultatet for 2018 viser at det framleis er store utfordringar knytt til det å oppnå budsjettbalanse og vidare overskot i tråd med TBU si tilråding om at netto driftsresultat skal utgjera 1,75% av driftsinntektene.

 

Det vart gjort kjøp av aksjar i Ågotnes Næringspark på 40 mill. Dette var eit strategisk aksjekjøp for å sikra lokalisering av hamneaktivitet på Ågotnes.  Det langsiktige kapitalfondet gav ei avkastning på 3,5 mill. i 2018.

 

Økonomiavdelinga var i 2018 involvert i ei rekke prosesser knytt til etablering av nye Øygarden kommune. Til dømes ved utgreiing av pensjonsordningar, utarbeiding av skyggebudsjett og avklaring av tilhøve kring eigedomsskatt.

 

 

 

Arbeidsmiljø

Arbeidsmiljøet er godt, med stabil og god arbeidskraft.

 

 

 

Utfordringar i tida som kjem

Økonomiavdelinga har som målsetjing å ta i bruk ny teknologi for å sikra og halda oppe kapasitet.

 

 

 

Fjell kommune

Adr.: postboks 184, 5342 Straume

Tlf.: +47 55 09 60 00

ÅRSMELDING 2018

ÅRSMELDING 2018